Berlinisch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Berlinisch (berlinsk, standardtysk: Berlinerisch) er ein bydialekt som høyrer til dei nedertyske dialektgruppa i Berlin og omland.

Berlin var eit av dei første austnedertyske områda der ein gav avkall på det austnedertyske språket som skriftspråk, omkring 1500, og seinare òg som daglegspråk. Dermed oppstod den første høgtyske dialekten med klår middeltysk basis og sterkt nedertysk substrat. Først i nyare tid har denne høgtyske dialekten byrja å fortrenge det austnedertyske språket på landsbygda i Brandenburg utanfor Berlin. På slutten av 1800-talet vart det framleis snakka nedertysk og blandingsformer i utkanten av dagens Berlin.

Fortrenginga av nedertysk heng truleg mellom anna saman med ei kontinuerleg innvandring av folk frå andre delar av Tyskland. Frå dialektane i Berlins omland har Berlin-dialekten likevel overteke mange nedertyske ord, som ick, det, wat, doof. Sidan Berlin alltid har vore eit senter for handel, transport og eit mål for immigrasjon, har Berlin-dialekten òg vorte påverka av fransk (etter at hugenottane kom til byen var ein tredjedel av folkesetnaden fransk), hebraisk (hovudsakleg 15-1600-talet), jiddisch (18-1900-talet), polsk og tsjekkisk (sidan 1400-talet), russisk (18-1900-talet) og nederlandsk.