Bernard Edwards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bernard Edwards (31. oktober 195218. april 1996) var ein amerikansk bassist og plateprodusent, både som medlem av funk/disco-bandet Chic og på eiga hand. Han døydde av lungebetennelse då han var på turne i Japan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Edwards voks opp i Brooklyn i New York City, møtte Nile Rodgers tidleg i 1970-åra og dei to starta bandet the Big Apple Band (aktive frå 1972-1976). Dei kom så saman med trommeslagar Tony Thompson og bandet utvikla seg etter kvart til Chic i lag med songarinna Norma Jean Wright.

Med Chic (aktive 1976-1983) var Edwards med å skape æra-definerande hittar som «Dance, Dance, Dance», «Everybody Dance», «Le Freak», «I Want Your Love» og «Good Times». Edwards arbeidde òg med Nile Rodgers som produsent og låtskrivar for andre artistar, og nytta Chic til å spele alt musikalsk utanom solovokal. Desse produksjonane med Norma Jean Wright, Sister Sledge, Sheila and B. Devotion, Diana Ross, Johnny Mathis, Debbie Harry og Fonzi Thornton førte til fleire hittar som «Saturday», «He's The Greatest Dancer», «We Are Family», «Spacer», «Upside Down», «I'm Coming Out» og «Backfired» for å nemne nokre få.

Chic var oppløyst i 1983 etter personlege og kunstnariske skilnader mellom Edwards og Rodgers.

Edweards gav ut eit soloalbum året etter og i 1985 var han med på å danne supergruppa Power Station. Det første albumet til bandet var produsert av Edwards og hadde med Chic-trommeslagar Tony Thompson og Duran Duran-medlemmane John og Andy Taylor, samt Robert Palmer på vokal. Edwards følgde opp dette med å produsere Robert Palmer-albumet Riptide. Han heldt fram å produsere artistar gjennom 1980- og 1990-åra. Mellom anna arbeidde han med Diana Ross, Adam Ant, Rod Stewart, Air Supply, ABC og Duran Duran.

Edwards er far til plateprodusenten Bernard «Focus...» Edwards, Jr. som har produsert songar for Jennifer Lopez, Beyoncé Knowles, Busta Rhymes, Bishop Lamont, Tony Yayo og andre.

Edwards slo seg saman med Nile Rodgers igjen for eit attforeint Chic tidleg i 1990-åra og dei gav ut albumet Chic-Ism i 1992.

I 1996 vart Nile Rodgers kåra til JT Superprodusent of the Year i Japan og vart invitert til å spele der med Chic i april same året. Like før konserten i Budokan Arena i Tokyo vart Edwards sjuk, men trass i at Rodgers insisterte, nekta han å avlyse kosnerten. Han klarte å spele, men måtte hjelpast fleire gonger. Etter konserten drog han til hotellet der han seinare vart funnen død av Rodgers. Dødsårsaka skal ha vore lungebetennelse.

Påverknad[endre | endre wikiteksten]

Bernard Edwards vert rekna som ein av dei viktigaste bassistane på 1900-talet. Basslinja hans i Chic-hitten «Good Times» er vorte ein av dei mest kopierte i musikkhistoria, og hadde store innverknad på musikar innan mange sjangrar, mellom anna «Another One Bites the Dust» av Queen. Eit anna band som nytta denne basslinja var Sugarhill Gang på songen «Rappers Delight» i 1979, den første hip hop-songen som vart ein stor hitt.

I 2005 vart Edwards innlemma i Dance Music Hall of Fame for bidraga sine som produsent.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Chic[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Glad To Be Here (1983)

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]