Bernardino Luini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bøddelen gir Johannes døyparens hovud til Herodes, 1527-31

Bernardino Luini var ein italiensk kunstmålar. Han levde frå omkring 1480 til han døydde i 1532.

Luini var fødd i landsbyen Runo ved austbreidda av Lago Maggiore i Lombardia. Omkring 1500 flytta han til Milano saman med far sin. Hans tidlegaste kjende verk er Madonna med barn og to helgenar frå 1507, ei rettnok omstridd påvising.

Stilen hans var i første omgang påverka av Bramantino sin, seinare tok han etter Rafael, Melozzo da Forli og Leonardo da Vinci. Han vert rekna som ein av dei fremste etterfylgjarane av Leonardo. Mange av bileta hans er forenkla framstillingar basert på Leonardo sine motiv. Desse bileta var svært populære i samtida, mange måleri finst framleis i Milano.

Luini var i seinare år i hovudsak oppteken med måling av freskar. Hans framstillingar av kjærlege madonnaer har eit ry for å vere overflatiske.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bernardino Luini

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon, 1996