Bernhard Øverland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernhard Øverland

Fødd27. desember 1845
Trondheim
Død5. desember 1916 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1906–1909)
  • ordførar i Stjørdal (1902–1907)
  • ordførar i Nedre Stjørdal (1884–1889)
  • ordførar i Nedre Stjørdal (1892–1901)
  • vararepresentant til Stortinget (1895–1897)
  • vararepresentant til Stortinget (1898–1900) Sjå dette på Wikidata

Bernhard Martinus Øverland (27. desember 18455. desember 1916) var ein norsk disponent, brukseigar og Venstre-politikar. Han budde i Stjørdal gjennom det meste av sitt liv. Der var han aktiv i kommunepolitikken i ein mannsalder, og representerte den radikale, liberale delen i partiet Venstre. Øverland fekk sterkast støtte frå arbeidarar og handverkarar på Stjørdalshalsen, til skilnad frå partifellen John O. Arnstad som vart støtta av storbønder i bygdene rundt. Øverland var ordførar i Stjørdal periodane 1884-89 og 1892-1907, og sat på Stortinget valbolken 1907-09.

Næringsdrivar[endre | endre wikiteksten]

Øverland var fødd i Trondheim, far hans var tobakksspinnar. Han vart handelsdreng i Trondheim i 1860, flytta året etter for godt til Stjørdal, der han var krambudreng fram til 1866. Han vart tilsett hos industrieigaren Karl Løken. Løken største føretak var eit brenneri på By, der det vart framstilt brennevin, i hovudsak av poteter. Øverland busette seg på Stjørdalshalsen, og bygde seg eit herskaphus på Øysletten.

Øverland var kontorsjef for Løken, og frå 1866 til 1894 fullmektig, deretter var han disponent for verksemda til 1896. Frå 1884 eigde Ole Løken brenneriet, han døydde på 1890-talet. Saman med nokre andre aksjonærar tok Øverland over brenneriet i 1897. Øverland kjøpte ut dei andre i 1903, men stansa drifta i 1908 grunna ei ny brenneriavgift.

Lokalpolitikk[endre | endre wikiteksten]

Øverland vart vald inn i Nedre Stjørdal heradsstyre i 1878, og sat der til 1907 (frå 1902 i Stjørdal kommune). Han var ordførar 1884-1889 og 1892-1907. Øverland la ned mykje innsats for å få ein fast, militær treningsleir på Værnes i Stjørdal. Som ordførar overtala han i 1887 staten til å vere med på å kjøpe storgarden Værnes, ein stort og viktig steg for den økonomisk svake kommunen. Slik vart mykje av utviklinga i Stjørdal lagt for mange tiår.[1][2]

Han var Stjørdalshalsen brann- og bygningskommunes fyrste ordførar, forlikskommissær, formann i amtskattekommisjonen 1892-94], medlem av tilsynskomiteen for Meråkerbanen frå 1889, samt administrerande direktør og formann i forstandarskapet i Stjørdalens Sparebank frå 1887 til 1915.

Alle tillitsverva gjorde at Øverland vart den mektigaste politikaren i kommunen på slutten av 1800-talet. Venstre i Stjørdal delte seg i to fraksjonar kalla «Øverlandspartiet» og «Arnstadpartiet». Øverlands fraksjon vart også kalla «Myrmannpartiet» då mange av støttespelarane var folk på Stjørdalshalsen som hadde fått røysterett gjennom kjøp av ein liten og billig jordparsell.

Stortingsrepresentant[endre | endre wikiteksten]

Øverland vart vald inn på Stortinget frå einmannskrinsen Stjørdalen i 1907. Han hadde tidlegare vore valmann i 1882 og 1888-1903, og vararepresentant til Stortinget frå 1895 til 1900. Øverland var medlem av tollkomitéen på Stortinget. Han hadde hadde forfall i 1907 frå 15. juli og 1908 frå 17. august, høvesvis Ole Aavatsmark og Andreas Galtvik møtte i staden for han. Øverland var samstundes medlem av Mjøsreguleringa og Den departementale komiteen om vegloven.

Idrettsarenaen Øverlands Minde, heimebana til idrettslaget Stjørdals-Blink, er kalla opp etter Bernhard Øverland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Leirfall 1971, s. 224
  2. Kjell Arnfinn Aune. «120 år med Forsvaret på Værnes» Arkivert 2017-02-11 ved Wayback Machine., Stjørdals-Nytt, 6. juni 2007

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Leirfall, Jon: Liv og lagnad i Stjørdalsbygdene, bind I, del III (1970), s. 208–211
  • Røe, Tormod: Stjørdal kommune 1837–1987 : Kommunalt selvstyre i 150 år (1987), s. 352

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]