Berninafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Berninafjella
Fjellkjede
none  Hovudtoppane i Berninafjella oppfor Morteratschbreen
Hovudtoppane i Berninafjella oppfor Morteratschbreen
Land Flag of Switzerland.svg Sveits, Flag of Italy.svg Italia
Del av Dei sentrale Alpane
Høgaste punkt Piz Bernina
 - høgd 4 049 moh
 - koordinatar 46°37′N 09°52′E

Berninafjella (italiensk Massiccio del Bernina) er ei fjellkjede aust i Sveits og nord i Italia som høyrer til Dei sentrale Alpane. Det er ei av dei høgaste fjellkjedene i Alpane og er dekt av mange isbrear. Piz Bernina (4 049 m) er den høgaste toppen og er den austlegaste av fjelltoppane over 4 000 meter i Alpane. Toppen som oftast vert klatra er Piz Palü.

Nordvest for Berninafjella ligg Albulafjella på andre sida av Malojapasset og den øvre Engadindalen. Aust for Berninapasset ligg Livignofjella. Sør for Addadalen (Valtellina) ligg Bergamoalpane og sørvest for Murettopasset ligg Bregagliafjella. Vatnet i Berninafjella vert ført bort via elvane Adda, Inn og Mera.

Berninaalpane vert stundom nytta om både Bernina- og Bregagliafjella. Dette området er merkt av med gult på kartet og «Bernina Alpen».

Toppar[endre | endre wikiteksten]

Dei største toppane i Berninafjella er:

Topp Høgd (m)
Piz Bernina 4 049
Piz Zupò 3 995
Piz Alv 3 995
Piz Scerscen 3 971
Piz Argient 3 945
Piz Roseg 3 937
Bellavista 3 922
Piz Palü 3 901
Crast' Agüzza 3 869
Piz Morteratsch 3 751
Piz Cambrena 3 606
Piz Glüschaint 3 594
Piz Tschierva 3 546
Piz Varuna 3 453
Piz Corvatsch 3 451
Cima di Castello 3 375
Pizzo Scalino 3 323
Munt Pers 3 207
Piz da la Margna 3 158
Piz Cancian 3 103
Panorama av Morteratschgletscher i Berninafjella.

Fjellovergangar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste fjellovergangane i Berninafjella er:

Pass Stad Type Høgd (m)
Fuorcla Bellavista Pontresina til Chiesa in Valmalenco snø 3 684
Fuorcla Crast' Agüzza Pontresina til Chiesa i Valmalenco snø 3 598
Fuorcla Tschierva Pontresina til Chiesa i Valmalenco snø 3 527
Fuorcla Sella Pontresina til Chiesa i Valmalenco snø 3 304
Passo di Bondo Bondo til Bagni di Masino snø 3 117
Passo di Castello Maloja til Morbegno snø 3 100
Passo Tremoggia Sils til Chiesa i Valmalenco snø 3 021
Passo di Mello Chiareggio til Val Masino snø 2 991
Diavolezza Pass Bernina veg til Morteratschbreen snø 2 977
Passo di Zocca Vicosoprano til Val Masino snø 2 743
Muretto pass Maloja til Chiesa delvis snø 2 557
Berninapasset Pontresina til Tirano veg 2 330
Malojapasset St. Moritz til Chiavenna veg 1 809

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]