Berninapasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsyn over Berninapasset i retning Pontresina

Berninapasset (italiensk Passo del Bernina) er ein fjellovergang i kantonen Graubünden i Sveits. Passhøgda er 2 328 meter over havet og går gjennom i Berninafjella av Alpane. Oppe på passhøgda ligg eit hospits, 'Ospizio Bernina'. Vegen knyter saman Sanmedan og Pontresina i Engadindalen med kommunen Poschiavo i dalen Val Poschiavo.

Tversnitt av vegen over Berninapasset, frå Samedan til Poschiavo

Ei jarnbane går over eit litt lågare pass, 2 253 moh, få kilometer aust for vegovergangen.

Både fjellvegen og jarnvegen er heilårs ferdselsårer.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Vegen over Berninapasset vart bygt i tidsrommet 1842-65. Ein jarnveg over Berninapasset har vore i drift sidan 1910, frå 1913 også om vinteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Berninapasset