Bernt Anker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernt Anker

Fødd22. november 1746
Christiania
Død21. april 1805
Christiania
NasjonalitetNoreg
Yrkehandelsmannn, bergverkseier
EktefelleMathia Collett
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Bernt Anker (fødd 22. november 1746 Kristiania, død 21. april 1805)[1] var ein norsk forretningsmann, skipsreiar, skogeigar, trelasteksportør, godseigar, verkseigar, kammerherre og konferensråd. Han var Noregs rikaste mann i si samtid og eigde mellom anna Hakadal Verk og Moss Jernverk, Paléet og Frogner Hovedgård.[1]

Anker var son av Christian Ancher og bror av Peder Anker. Han var gift med Mathia Leuch fødd Collett, enkje etter Morten Leuch. Dei fekk inga born.

Attåt forretningsdrifta var Anker òg opptatt av vitskap og teater. Han blei tatt opp som medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim i 1770 og av den engelske Royal Society i London i 1784.[2] Han var òg medlem av Kungliga Vetenskapsakademien.

Anker blei adla i 1778 og fekk seinare Dannebrogordenen.

Han testamenterte Paléet til det offentlege og bygningane blei seinare nytta som kongebustad.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.