Bernt Bessesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernt Bessesen
Fødd6. oktober 1802
Død18. oktober 1887 (85 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
Alle verv

Bernt Tobias Bessesen (6. oktober 180218. oktober 1887) var ein norsk prest og stortingsmann.

Bessesen var frå Kristiansand, far hans var skipper. Sjølv vart han 1819 student frå Kristiansand skule, dei to neste åra var han huslærar hos Severin Løvenskiold i Fossum. I 1824 vart han cand. theol. og deretter eitt år styrar av Kongsberg skule. Sokneprest i Rennesøy 1826-39 og i Biri 1839-48. 1848-55 var han sokneprest i Nes i Akershus, og til sist, 1855-77 i Kvinnherad.

Bessesen var 3. representant for Stavanger amtStortinget i 1836 og på det overordentlege storting 1836-37. Han var medlem av justiskomiteen.

Han døydde i Kvinnherad i 1887.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]