Bernt Evensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernt Evensen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. april 1905
Christiania
Død

24. august 1979 (74 år)
Oslo

Yrke skøyteløpar, sykkelryttar, banesyklist, skøytetrener
Høgd 175 centimeter
Bernt Evensen på Commons

Bernt Sverre Evensen (8. april 190524. august 1979) var ein norsk skøyteløpar og syklist. Han slo igjennom for fullt som skøyteløpar i 1927, då han vann både NM, EM og VM i eit og same år. Evensen er den første nordmann som vann olympisk gull, ved å vinne 500 m under Vinter-OL 1928 i St. Moritz. Dette var forøvrig ein siger han delte med den finnske skøyteløparen Clas Thunberg. Under dei same leikane, vann Evensen også sølv på 1,500 m og bronse på 5,000 m. På 10,000 m var han på ein førebels andreplass, 0,1 sekund bak Irving Jaffee, då løpet måtte stoggast grunna mildvær.

Under Vinter-OL 1932 i Lake Placid, kom Evensen på ein andreplass på 500 m. Han og Ivar Ballangrud var dei einaste europeiske skøytekøparane under desse leikane. Dette kan nok skuldast på at løpa vart arrangert i amerikansk pack-stil, der alle skøyteløparane starta samtidig. Dette var eit format som var ukjend for euopeiske skøytarar flest.

Som syklist vann Evensen 11 norske meisterskap. I 1928 vart han tildelt Egebergs Ærespris. Etter den andre verdskrigen var Evensen ei stund trenar for Oslo Skøiteklub.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]