Bernt Maschmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernt Maschmann

Fødd17. oktober 1805
Christiania
Død13. mai 1869 (63 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkeprest, politikar
FarHans Henrich Maschmann
Alle verv

Bernt Sverdrup Maschmann (17. oktober 180513. mai 1869) var ein norsk prest og stortingsmann frå Kristiania.

Maschmann var son til apotekaren Hans Henrich Maschmann i Kristiania. Sjølv vart han student i 1824, og cand. theol. i 1829. Han var sokneprest i Vega frå 1830, og i Hobøl frå 1837. I tillegg var han frå 1849 prost i øvre Borgesyssel.

I 1845 var Maschmann 3. representant på Stortinget frå Smaalenenes amt. Han var medlem av justiskomite nr 1.

Han døydde på prestegarden i Hobøl i 1869.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]