Bernt Michael Holmboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernt Michael Holmboe

Fødd23. mars 1795
Eidsberg kommune
Død28. mars 1850
Christiania
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemKungliga Vetenskapsakademien

Bernt Michael Holmboe (23. mars 179528. mars 1850) var ein norsk matematikar, mest kjend som læraren til Niels Henrik Abel. Det var Holmboe som oppdaga talentet til Abel, og han spelte ei viktig rolle for å hjelpe Abel fram. Gjennom heile livet til Abel var Holmboe hans nære ven. Holmboe var òg på andre måtar ein viktig person i første halvdelen av 1800-talet. Han skreiv populære lærebøker i matematikk, vart etter kvart professor ved Universitetet i Christiania, og bidrog til etableringa av forsikringsselskap i Noreg.

Holmboe voks opp på Eidsberg prestegard saman med seksten sysken. Foreldra, sokneprest Jens Holmboe og Cathrine Holst, underviste Bernt Michael og fleire av brørne heime, før han i 1810 vart send til Christiania katedralskole. Han vart student ved Det Kgl. Frederiks Universitet i 1814.

Han fekk stilling som amanuensis i 1815 hos universitetslektor Christopher Hansteen, som året etter fekk tildelt eit professorat i praktisk matematikk og som trong hjelp med dei astronomiske utrekningane. Frå 1818 virkte Holmboe som matematikklærer ved Christiania katedralskole i åtte år. I 1826 fekk Holmboe stilling som universitetslektor ved Det Kgl. Frederiks Universitet og deretter frå 1834 som professor i rein matematikk ved same stad.

Det oppstod eit nært og livslangt venskap mellom Niels Henrik Abel og Holmboe, og han redigerte den første utgåva av verka til Abel, Oeuvres complètes de N. H. Abel 1839, ti år etter den kjende, unge matematikaren døydde.

Holmboe var ein inspirerande matematikklærar og fekk òg tyding for ein annan viktig person i norsk matematikkhistorie, Ole Jacob Broch. Holmboe forfatta fleire lærebøker. I 1825-1827 utgav han lærebøkene sine i aritmetikk og geometri, som vart mykje brukt og utkom i fleire opplag.

Holmboe var samfunnsengasjert alt frå studiedagane og ein ivrig talsmann for det frivillige studentkorpset som vart oppretta som ein reaksjon på at svenske styrkar sommaren 1814 rykte inn i Noreg. I perioden 1832-48 var han medlem av tilsynskomiteen for private forsørgings- og understøttingsselskap, som var det første offentlege organet for kontroll av forsikringsverksemd. I 1844 var han ein av stiftarane i Den Norske Livrenteforening og direksjonsmedlem i livsforsikringsselskapet Gjensidige frå skipingsåret 1847.

Holmboe gifta seg første gongen i 1834 med Nikoline Finkenhagen, som døydde fem år seinare. I 1842 gifta han seg med Ingeborg Thorp, f. Hannestad.

Det Norske Videnskaps-Akademi deler ut Holmboeprisen.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Forsøg paa en Fremstilling af Mathematikens Principer, samt af denne Videnskabs Forhold til Philosophien, 1822
  • Lærebog i Mathematiken. Første Deel . Indeholdende Indledning til Mathematiken samt Begyndelsesgrundene til Arithmetikken, 1825
  • Lærebog i Mathematiken. Anden Deel . Indeholdende Begyndelsesgrundene til Geometrien, 1827
  • Kort Fremstilling af Niels Henrik Abels Liv og videnskabelige Virksomhed, 1829
  • Stereometrie, 1833
  • Plan- og sfærisk Trigonometrie, 1834
  • De evolutione functionum cos. nx et sin. nx, dissertatio, 1836
  • Oeuvres complètes de N.H. Abel, 1839
  • Lærebog i den høiere Mathematik, 1849

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]