Bernt Støylen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernt Støylen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. februar 1858
Sande kommune
Død

18. november 1937 (79 år)
Bærum kommune

Yrke prest, lyrikar, omsetjar
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Born Kaare Støylen
Bernt Støylen på Commons
Minnestøtte for Bernt Støylen på Vestre Aker gravlund i Oslo.

Bernt Andreas Støylen (fødd 17. februar 1858 Sande på Sunnmøre, død 18. november 1937) var ein norsk prest, teolog, salmediktar og barnebokforfattar. Han var biskop i Agder bispedøme frå 1913 til 1930.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Støylen var fødd og oppvaksen på garden Støylen på Kvamsøya i Sande på Sunnmøre. Han tok i I 1873 tok han til på ein «høiere almue- og lærerskole» i Volda. Tre år seinare tok han artium etter han i Kvinnherad fekk privatundervising.

Han vart i 1885 cand. theol. ved universitetet i hovudstaden. Ei kort tid var han styrar for Norsk Barneblad. Etter ei tid som personalkapellan var han i åra 1890-95 sjømannsprest i Cardiff i Wales. Deretter var han styrar av Notodden seminar fram til 1902. Frå 1902 til -14 var han hovudlærar ved Det praktisk-teologiske seminar ved universitetet i Kristiania. Han var medlem av kyrkjekommisjonen av 1908 og gjekk då inn for ei fri folkekyrkje.

I mange teologiske spørsmål høyrde Støylen med mellom dei konservative i norsk kristenliv. Men etter han i 1923 ordinerte den omstridde Jens Gran Gleditsch til biskop, opplevde han å verte utfrosen or mang ein kristen-leir.

Han skreiv ei nynorsk lesebok, ABC, i fire band og samarbeidde med Nordahl Rolfsen om hans store lesebokverk. Støylen si Norske barnerim og leikar frå 1899 er framleis den største publiserte samlinga av barnerim i Noreg. Støylen var formann i den nemnda, med Støylen, Peter Hognestad og Anders Hovden, som stod føre utgjevinga av Nynorsk salmebok i 1927. 62 av salmane hans var med der. Mange av Støylens salmar vert i dag sjeldan sunge i den norske kyrkja. Derimot syng ein mange av hans omsette salmar. Han vert halden for å vere ein framifrå omsetjar, kanskje den fremste nynorskspråklege gjendiktaren av salmar.

Støylen tok del i målreisinga, fyrst og fremst gjennom si forfattarverksemd. Han var og aktiv i fråhaldsarbeidet, formann i Det Norske Totalavholdsselskap. Også misjonsarbeidet hadde ein støttespelar i Støylen.

Han var far til biskop Kaare Støylen.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Norske døbenavne med deres betydning og oprindelse. 1887
  • Norske barnerim og leikar. 1899.
  • Norske barnerim. 1959. Med teikningar av Solveig Muren Sanden
  • Norske leikar. 1960. Med teikningar av Solveig Muren Sanden
  • Norske barnerim og leikar. 1974. Med teikningar av Solveig Muren Sanden
  • Læsestykker paa landsmaal : tillæg til Nordahl Rolfsens læsebog for folkeskolen ved Nordahl Rolfsen og Bernt Støylen. 3 bd. 1903 (Ny utg 4 bd, 1907-1911)
  • Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte. 1906
  • C.O. Rosenius. Uppbyggjingsbok for heimen : tankar til kvar dag i aaret. Omsett av Støylen. 1909
  • ABC : mi fyrste bok ved Karen Grude Koht og Bernt Støylen. 1909
  • ABC : fyrste boka mi. 1921. Ny utg. Med teikningar av Gudmund Stenersen
  • ABC : første boka mi : riksmålsutgave med valgfrie former. 1922
  • ABC : mi fyrste bok. 1932. Ny utg.
  • ABC : fyrste boka mi. 1939. Ny utg. Med teikningar av Erik og Dagfin Werenskiold. Både på bokmål, nynorsk og høgnorsk
  • Hjælpebok for bibellæsere . 1914
  • Salmar og aandelege songar . 1920
  • Utgreiding um nynorsk salmebok . 1926
  • Tilbed og ten herren! : Vigsletalar. 1928
  • Livet med Gud : Preikor til 3. tekstrekkja. 1933-34
  • Guds fotspor i folkenes liv : Kristendommens stilling til buddhismen. 1935
  • Kom til Kristus : Preikor til 2. tekstrekkja for alle sundagar og helgedagar. 1938

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Grøvik, Ivar: Sunnmøringar.