Berrybreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 75°S 134°W
Berrybreen
isbre
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 75°S 134°W
Lengd 40 km
Administrert under Antarktistraktaten
Berrybreen is located in Antarktis
Berrybreen (Antarktis)

Berrybreen er ein isbre i Antarktis, som er kring 40 km lang og 8 km brei, og som drenerer nord mellom Perry Range og Demas Range ut i Getzisen på kysten av Marie Byrd Land. Området vart først fotografert og grovt kartlagt frå lufta frå U.S. Antarctic Service i desember 1940 og breen vart kartlagt i detalj av U.S. Geological Survey frå landmålingar og frå flyfoto tekne av U.S. Navy, 1959–66. Han vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter offiser William H. Berry i U.S. Navy som var flyoffiser for Task Force 43 under Operasjon Deep Freeze 1969–72 og operasjonsoffiser i 1973.[1]

Det ligg sju vulkanske nunatakar langs austsida av breen.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Berrybreen». Geographic Names Information System. US Geological Survey. http://geonames.usgs.gov/pls/gnispublic/f?p=gnispq:5:::NO::P5_ANTAR_ID:1301. Henta 28. desember 2013. 
  2. Wilch T.I., McIntosh W.C. (2007). «Miocen-Pliocene ice-vulkan interactions at monogenetic vulkanes nær Hobbs Coast, Marie Byrd Land i Antarktis». USGS Open File Report 2007-1047. doi:10.3133/of2007-1047.srp074.