Besòs
| Besòs | ||
|
|
||
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 17,7 km | |
| Middelvassføring | 4,33 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 1038,31 km² | |
Besòs er ei elv i Catalonia i Spania. Ho oppstår der elvane Mogent og Congost renn saman, og munnar ut i Middelhavet. Ho er nesten 18 km lang, men med sideelvane dekkjer nedslagsfeltet hennar likevel så mykje som 1038 km².
I nedslagsfeltet hennar ligg byane Aiguafreda, La Garriga, Les Franqueses, Canovelles, Granollers, Montmeló, Mollet del Vallès, Montcada i Reixac, Santa Coloma de Gramenet, Barcelona og Sant Adrià de Besòs. På grunn av middelhavsklimaet i området varierer vassføringa i elva sterkt.
Innhaldsliste |
Sideelvar[endre]
Besòs har fem store sideelvar:
Historie[endre]
Elva kan ikkje nyttast til skipsfart, men har likevel vorte nyta som ei lenkje mellom kysten og dei indre områda i Catalonia. På 900-talet vart Rec Comtal bygd for å nytte elva til vatning.
Elva renn gjennom eit sterkt industrialisert område nær Barcelona, og hadde den tvilsame æra å verte kalla den mest forureina elva i Europa i 1970- og 1980-åra. Sidan midten av 1990-åra har derimot elva vorte langt reinare.
Biletgalleri[endre]
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Besòs» frå Wikipedia på engelsk, den 29. april 2009.