Besançon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Besançon
Gamlebyen i Besançon
Gamlebyen i Besançon
Flagget til Besançon Byvåpenet til Besançon
Flagget til Besançon Byvåpenet til Besançon

Motto
«Utinam»
(Om Gud vil)
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Franche-Comté
Doubs
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Urbant
 - Storbyområde

65,05 km²
122 km²
1 652 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

115 400
  1 766/km²
134 376 (1999)
222 381 (1999)
Koordinatar 47°14′35″N 06°01′19″EKoordinatar: 47°14′35″N 06°01′19″E
Høgd over havet 281 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.besancon.fr
Plassering
Besancon dot.png

Besançon (tysk Bisanz) er ein by nordaust i Frankrike, og kjend som den grønaste byen i landet. Han er hovudstad i regionen Franche-Comté og har om lag 220 000 innbyggjarar i storbyområdet. Byen ligg nær grensa til Sveits og er prefecture (hovudstad) i departementet Doubs.

Quai Vauban ved elva Doubsog

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Besançon ligg i den nordaustlege delen av Frankrike ved elva Doubs og foten av Jurafjella. Han ligg om lag 325 km frå hovudstaden Paris og 100 km frå Dijon i Bourgogne, Lausanne i Sveits eller Belfort i Franche-Comté.

Byen ligg ved ein nesten perferkt naturleg meander i elva Doubs med ein diameter på 1 km. Den indre svingen, eit flatt område, har ei høgd på om lag 250 meter, og er lukka av ein ås kalla Mont Saint-Étienne, med ei maksimal høgd på 371 m. Byen er omringa av seks andre åsar med høgder mellom 400 og 500 meter.

Besançon har ei blanding av maritimt klima (forholdsvis mykje nedbør) og kontinentalklima med harde vintrar og varme og tørre somrar. Årsmiddeltemeraturen er 10,2 °C. Den varmaste månaden er juli (18,9 °C) og den kaldaste er januar (1,6 °C). Besançon har ein årleg nedbørsnormal på 1 108 mm. Den våtaste månaden er mai (111,4 mm), medan juli er den tørraste (80,5 mm).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Festninga i Besançon

Besançon vart grunnlagd som ein gallisk by, og det latinske namnet var Vesontio. Namnet har gjennom åra utvikla seg frå Besantio, Besontion, Bisanz på tysk til det moderne franske Besançon.

Som ein del av Det heilage romerske rike frå 1034 vart byen Erkebispedøme Besançon, og fekk status som fri keisarby med sjølvstyre i 1184. På 1400-talet kom Besançon under hertugane i Burgund. Etter at Maria av Burgund gifta seg med Maximilian I av det tysk-romerske rike vart byen i realiteten ein lensgård i Habsburg og byen fekk spansk påverknad. I 1526 fekk byen lov til å lage sine eigne myntar, noko dei gjorde fram til 1673. Spanjolane bygde det store festningsverket i byen i 1668, etter modell frå den franske militærarkitekten Vauban. I 1674 tok franske troppar over byen, og Vauban kunne sjølv oppgradere festningane, noko som tok 30 år. Etter Freden i Nijmegen vart byen gjeven til Frankrike.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Besançon