Beskidane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beskidane
polsk Beskidy
tsjekkisk og slovakisk Beskydy
ukrainsk Бескиди
fjell
Aust-Beskidane i Zakarpattja oblast i Ukraina
Land  Tsjekkia,  Slovakia  Polen,  Ukraina
Fjellkjede Karpatane
Høgaste punkt
 - stad Hoverla, Ukraina
 - høgd 2 061 moh.
Lengd 600 km
Kart
Beskidane
49°25′00″N 20°15′00″E / 49.41666667°N 20.25°E / 49.41666667; 20.25
Wikimedia Commons: The Beskids

Beskidane (polsk Beskidy, tsjekkisk og slovakisk Beskydy, ukrainsk Бескиди) er det tradisjonelle namnet på ei fjellkjede som strekkjer seg frå austlege område av Tsjekkia, gjennom Nordvest-Slovakia og Sør-Polen og inn i vestlege delar av Ukraina.

Utsyn over Tatrafjella frå Rysianka (1 322 m) i Beskid Żywiecki i Polen

Beskiadane er om lag 600 km lang og 50–70 km brei. Dei byrjar i Moravia og strekkjer seg mot Ukraina nord for Tatrafjella. Kor langt aust fjellkjeda strekkjer seg er derimot ikkje klart. Gamle kjelder seier at Beskiadane sluttar ved kjelda til elva Tisza, medan nyare kjelder seier at dei sluttar ved Ushokpasset på grensa mellom Polen og Ukraina. Det høgaste fjellet i fjellkjeda er derfor avhengig av kor ein definerer den austlege grensa til Beskidane. Den høgaste toppen i dei vestlege delane er Babia Góra, som ligg på grensa mellom Polen og Slovakia.

Ein større del av Beskidane er ein del av ytre vestlege Karpatane. Dei mindre Beskidane (slovakisk Nízke Beskydy, polsk Beskid Niski) og Bieszczady ligg aust for Beskidane og er ein del av Dei austlege Karpatane.

Namnet på fjellkjeda har sannsynlegvis trakisk eller illyrisk opphav. Beskiadane har store skogområde og er rik på kol. Tidlegare fanst det òg mykje jernmalm i fjella, med viktige fabrikkar i Ostrava og Třinec.

Det er fleire turistattraksjonar i fjella, inkludert historiske trekyrkjer og fleire skisenter, som vert stadig meir populære.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]