Besseggen

Koordinatar: 61°30′06″N 08°43′16″E / 61.50167°N 8.72111°E / 61.50167; 8.72111
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°30′06″N 08°43′16″E / 61.50167°N 8.72111°E / 61.50167; 8.72111

Utsyn over Gjende sett mot aust, med Besseggen til venstre

Besseggen, eller Besseggi, er ein fjellrygg i Vågå kommune i Innlandet fylke. Besseggen ligg aust i Jotunheimen, mellom vatna Gjende og Bessvatnet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Konkurransar[endre | endre wikiteksten]

I 1961, 1962 og 1963 vart Besseggløpet arrangert om sommaren av Noregs Orienteringsforbund i samarbeid med Den Norske Turistforeining. Rekorden frå 1963 vart sett av Reidar Andreassen som var nesten fire og eit halvt minutt før andremann i mål. Rekordtida på 1.16.48 står der den dag i dag. I dameklassen sette Valborg Austberg frå Gjøvik rekord i 1963 med tida 1.39.47. «32-årig husmor med to barn løp som ei geit over Besseggen», stod det å lese i Dagbladet.[1]

Tur-ruter og utsikt[endre | endre wikiteksten]

Turen over Besseggen er ein av dei mest populære fjellturane i Noreg. Omtrent 40 000 menneske går denne turen kvart år. Den mest vanlege ruta over Besseggen startar på Gjendesheim, går opp til Veslfjellet (1743 moh.), går ned Besseggen, vidare over det flatare partiet Bandet, og endar til slutt på Memurubu. Mange vel å gå motsett retning der dei byrjar turen frå Memurubu. Turen er rekna av Den Norske Turistforeining til å ta seks timar.

Frå Besseggen er det flott utsikt over Gjende og Bessvatnet. Noko av det karakteristiske ved utsikta er at Gjende ligg nesten 400 m lågare enn Bessvatnet, og medan Bessvatnet har ein blåfarge som dei fleste andre innsjøar har Gjende ein tydeleg grønfarge. Grønfargen er eit resultat av smeltevatn frå brear som har eit høgt innhald av sedimentpartiklar.

Naturvern[endre | endre wikiteksten]

Det store talet på turgåarar har ført til stor slitasje på stiane opp til Besseggen både frå Gjendesheim og Memurubu. Statens naturoppsyn (SNO) løyvd 1 175 000 kroner til restaurering av stiane i 2005. Prosjektet som byrja i 2005 legg ned steinplater på stien for å avgrense ytterlegare skade og førebygge vidare erosjon av stien. Steinplatene vart fyke med helikopter frå Vågå sidan det er ulovleg med masseuttak av stein frå Jotunheimen nasjonalpark. [2][3][4]

I populærkulturen[endre | endre wikiteksten]

I juli 2018 blei Bessegen vist på fjernsyn.

I litteraturen[endre | endre wikiteksten]

Besseggen er kjent frå «Bukkerittet» i Henrik Ibsen sitt skodespel Peer Gynt. Peer prøver å overbevise mor si, Åse, om at han har ridd over Gjendineggen, no kalla Besseggen, på ein reinsbukk. Slik skildrar han eggen (Henrik Ibsen, Samlede Værker, 10 bind, 1898–1902):

Har du set den
Gendin-eggen nogen gang?
Den er halve milen lang,
hvas bortefter, som en ljå.
Udfor bræer, skred og lider,
rakt nedover urder grå,
kan en se til begge sider
lukt i vandene, som blunder
svarte, tunge, mer eind
tretten-hundred alen nedenunder. —

Besseggen er òg kjent frå diktet «Besseggen» av Ragnvald Skrede.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Besseggen