Besserudtjernet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Utsikt frå Holmenkollbakken med Besserudtjernet
Besserudtjernet på slutten av 1800-talet.

Besserudtjernet var eit kunstig tjern i botn av Holmenkollbakken, laga kring 1890 ved oppdemming av ein bekk ved Holmensetra. Besserudtjernet hadde vatn frå juni til oktober og då låg det ein scene på vatnet. Om vinteren blei vatnet tappa ut av tjernet, og botnen av tjernet danna sletta i hoppbakken. Med den nye storbakken i Holmenkollen har Besserudtjernet forsvunne.

I tjernet levde det småsalamander, som overvintra i jord og mudder om vinteren.[1] Om sommaren arrangerte ein mellom anna show-rennet Ta sjansen her. Under bygginga av ein ny storbakke i Holmenkollen blei Besserudtjernet fjerna. Det blei bora eot 585 meter langt hol frå skåla i Holmenkollbakken og ned til Midtstulia, for å leia naturleg innsigsvatn ned til eit 20 000 kubikkmeter stort vassagasin som kan nyttast til snøproduksjon.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]