Betaplan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Betaplan-approksimasjon er ei tilnærming i geofysisk væskedynamikk der coriolisfrekvensen, f, vert sett til å variere lineært i rommet. På ein roterande sfære, slik som jorda, varierer f med sinus av breiddegraden. Ein kan sjå ei lineær tilnærming til denne variasjonen rundt ein viss breiddegrad (i form av utviding med taylorrekkjer) som eit tangent plan som rører overflata til sfæren ved denne breiddegraden. Dei dynamiske likningane kan då nyttast i eit plant kartesisk koordinatsystem i staden for eit sfærisk koordinatsystem. Namnet «betaplan» kjem av at ein skriv den lineære variasjonskooeffisienten som den greske bokstaven β.

Betaplan-approksimasjon er nyttig for teoretiske analysar av mange fenomen i geofysisk væskedynamikk sidan ein får mykje enklare likningar, som likevel får med den viktige informasjon om at coriolisparameteren varierer i rommet. Særleg er rossbybølgjer, den viktigaste typen bølgjer i storskala atmosfærisk og oseanografisk dynamikk, avhengig av variasjonen til f som ei tilbakeverkande kraft, og dei oppstår ikkje om coriolisparameteren vert tilnærma til å vere ein konstant.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Beta plane frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Holton, J. R., An introduction to dynamical meteorology, Academic Press, 1992
  • Pedlosky, J., Geophysical fluid dynamics, Springer-Verlag New York, 1987

Sjå óg[endre | endre wikiteksten]