Bettina von Arnim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bettina von Arnim
Die Gartenlaube (1867) b 045 1.jpg
Fødd 4. april 1785, Frankfurt am Main
Død 20. januar 1859 (73 år), Berlin

Bettina von Arnim (4. april 178520. januar 1859) var ein tysk forfattar av stor tyding innan romantikken. Ho var kjend med og tilhengjar av Goethe, syster til Clemens von Brentano og gift med Achim von Arnim, alle sentrale romantiske skikkelsar. Ho var mor til Gisela von Arnim, som også var forfattar.

Bettina von Arnim formar eit Goethe-monument. Koparstikk av Ludwig Emil Grimm.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Elisabeth von Bersano, kjend som Bettina, var fødd i 1785 Frankfurt i ein stor italiensk kjøpmannsfamilie. Ho var sonedotter av forfattaren Sophie von La Roche. Bror hennar, diktaren Clemens von Brentano, oppmuntra henne til å lesa poesi, særleg verka til Goethe. Ho var ung då ho mista foreldra sine, mora døydde i 1793 og faren i 1797.

Etter utdanning ved ein klosterskule i Fritzlar frå 1794 til 1797 budde Bettina ei tid hjå bestemora i Offenbach am Main før ho slo seg ned i heimen til systera Kunigunde og ektemannen Friedrich von Savigny, ein kjend jurist, i Marburg. Her levde ho frå 1803 til 1806, og blei kjend med diktaren Karoline von Günderrode, som tok livet av seg i 1806 grunna eit kjærleiksforhold.

Bettina møtte Goethe i Weimar i 1807, og byrja deretter å brevveksla med han. Det kom til brot mellom dei i 1811 etter at ho hadde oppført seg dårleg mot kona til Goethe.

Frå 1806 til 1808 bidrog Bettina til å samla inn både folkeeventyr og folkesongar. Dei siste skulle bli del av Des Knaben Wunderhorn, eit verk utgjeve av den framtidige ektemannen hennar Achim von Arnim og tonesett av Mahler. I 1808-09 studerte ho song, piano og komposisjon under Peter von Winter og Sebastian Bopp i München. Ho var ei tid medlem av Berliner Singakademie og gav ut sin første song under pseudonymet «Beans Beor». Ho tonesette også dikt av Amalie von Helvig.

I 1811 gifta Bettina von Bersano seg med Achim von Arnim; dei slo seg ned nær Berlin. Paret fekk sju born, mellom dei Gisela von Arnim (gift Grimm) som også blei forfattar. Som mor og hushaldar hadde ho lite tid til å skriva eller komponera, men laga likevel nokre songar. Ho var den første som tonesette Friedrich Hölderlin.

Ektemannen døydde i 1831 og Goethe døydde året etter. Det var først etter dette av Bettina von Arnim gav ut verk under sitt eige namn. I heimen hadde ho omgang med ei rekkje samtidige kulturpersonlegdommar, som Friedrich Jacobi, L. Tieck, F. Schleiermacher, Grimm-brørne og Humboldt-brørne. Ho brevveksla også med mellom anna Ludwig van Beethoven.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Den første boka til Bettina von Arnim var Briefwechsel mit einem Kinde (1835), som framstilte ei brevveksling mellom Johann Wolfgang von Goethe og eit barn. Verket blei først sett på som ei samling ekte brev og seinare rekna som fullstendig oppdikta, før G. von Loeper gav ut eit verk i 1879 som identifiserte mykje, men ikkje alt, av teksten som autentisk. Von Arnim brukte ein liknande framgangsmåte i Die Günderode (1840), om vennen Karoline von Günderode, Klemens Brentanos Frühlingskranz (1844), om bror sin og Ilius Pamphilius und die Ambrosia (1848), om forfattaren Philipp E. Nathusius.

I verket Dies Buch gehört dem König (1843), som ho dediserte til kong Fredrik Vilhelm IV av Preussen, la von Arnim fram radikale forslag som sosial reform, likestilling (emansipasjon) for jødar og kvinner og avskaffing av dødsstraff. Ho erklærte seg òg som tilhengar av frisinna sosialisme. I 1845 gav ho ut den kritiske Armenbuch ('Armodsboka'), she wrote the ‘Erzählung vom Heckebeutel’ (‘Tale of the Lucky Purse’). The fairy‐tale salon Kaffeterkreis, run by her daughters, met in her Berlin home (1840s).

Bettina von Arnim var også inspirert av eventyr. Ho var både eventyrsamlar og forfattar, og skreiv sjølv «Der Königssohn» (ca. 1808) og «Erzählung vom Heckebeutel» (1848). Saman med dottera Gisela skreiv ho også det humoristiske, samfunnskritiske eventyret Gritta.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • Briefwechsel mit einem Kinde, 1835
  • Die Günderode, 1840
  • Dies Buch gehört dem König, 1843
  • Clemens Brentanos Frühlingskranz, 1844
  • An die aufgelöste Preußische Nationalversammlung, 1849

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bettina von Arnim
Wikisource

Originaltekst av Bettina von Arnim ved Wikisource (de).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]