Bettino Craxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bettino Craxi

Statsborgarskap Italia, Kongedømet Italia
Fødd 24. februar 1934
Milano
Død

19. januar 2000 (65 år)
Hammamet

Yrke politikar
Språk italiensk, fransk
Politisk parti Det italienske sosialistpartiet
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Vittorio Craxi
Partnar Sandra Milo
Bettino Craxi på Commons
Bettino Craxi

Benedetto (Bettino) Craxi (24. februar 193419. januar 2000) var ein italiensk politikar, leiar av det italienske sosialistpartiet (PSI) frå 1976 til 1993. I åra 1983-87 var han statsminister i Italia, som den første frå sosialistpartiet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etterkrigspolitikken i Italia vart på mange måtar styrt av ei usagt doktrine som gjekk ut på å halde kommunistpartiet borte frå maktposisjonar. Dette førte til at ulike politiske alliansar såg dagens lys, fleire av desse vart møtt med motstand internt i parti som vart med i dei kryssande alliansane. Også i det største partiet, det kristlegdemokratiske partiet (DC), var det ved høve grupperingar som kunne tenkt seg å innlemme kommunistpartiet i regjeringskoalisjon.

Politisk aktiv[endre | endre wikiteksten]

Craxi var frå Milano og melde seg inn i sosialistpartiet. Han studerte historie, noko som tidleg førte han inn i politiske verv. Frå 1960 til -70 var han byråd i Milano. I 1965 vart partisekretær for PSI i Lombardia, eit verv han hadde fram til 1968. Då vart han vald inn som medlem av parlamentet. I 1960- og 70-åra dreiv han elles i det skjulte med aktiv støtte til dissidentar og opposisjonsrørsler i ulike land, så som PSOE i Spania, i Uruguay, Tsjekkoslovakia, for Solidaritet i Polen og PLO.

Craxi vart vald til generalsekretær i sosialistpartiet i 1976, etter årelang strid mellom ulike fraksjonar i partiet. Mange i partiet såg på han som ein overgangsfigur, men han makta å gjennomføre sin politikk og festa grepet om partiet.

Craxi hadde stor innverknad på italiensk politikk i 1980-åra. Han prøvde å distansere sosialistpartiet frå kommunistpartiet, målet hans var å skape eit reformorientert parti à la det tyske SPD og det franske sosialistpartiet. Ved valet i 1983 dobla partiet sin del av røystene til 14%.

Statsminister[endre | endre wikiteksten]

4. august 1983 vart Craxi vald til statsminister, ein posisjon han hadde fram til 17. april 1987. I 1984 underteikna han eit konkordat med Vatikanet som oppheva katolisismen som statsreligion i Italia.

I Craxi si regjeringstid voks Italia til å verte det femte største industrilandet i verda. Men inflasjonen låg ofte over 10%. Problemet med den høge inflasjonen vart møtt med å oppheve det såkalla scala mobile, ei lenke mellom løn og pris som regulerte lønningane automatisk etter prisane. Dette reduserte inflasjonen, men i det lange løp auka det på med streikar. Statsskulda voks til over 100 % av brutto nasjonalprodukt i Craxi sin periode som statsminister. Noko ho framleis (2009) er.

Med sine leiarevner klarte Craxi å halde regjerings-koalisjonen samla i nær fire år. Hans statsministerperiode vart såleis den lengstvarande i Italia etter 2. verdskrigen til då. Trass i eit bra val for PSI i 1987, måtte Craxi overlate statsministerembetet til kristlegdemokratane sin leiar.

”Mani pulite” – reine hender[endre | endre wikiteksten]

I februar 1992 vart sosialisten Mario Chiesa arrestert av politiet i det han mottok 7 millionar lira i muter frå eit reingjeringsfirma. Chiesa søkte støtte hos Craxi, men vart i staden skulda for ”å kaste mistanke mot det ærlegaste partiet” i Italia. Chiesa gjekk deretter med på å fortelje det han visste. Rettsvesenet byrja då etterrøke finansieringa av dei ulike partia i Milano. I juli forstod Craxi alvoret i saka. I ein tale i parlamentet sa han alle visste om det ureglementære i kring finansane til partia, og skulda parlamentsmedlemene for hykleri. Talen vart møtt med togn. Det tok tid før Craxi innsåg kor utsett hans posisjon var.

Rettsvesenet bad utover vinteren 1992/93 fleire gonger om å oppheve den rettslege immuniteten ein kvar medlem av parlamentet har mot å verte rettsforfylgt. I desember 1992 mottok Craxi det første av fleire krav om å møte for påtalemakta. Hans parlamentariske immunitet vart oppretthalden 29. april 1993, etter Craxi heldt ein kjenslesterk tale i parlamentet. Etterpå fór han til bustaden sin i Roma. Då han seinare gjekk ut vart han møtt av ei stor folkemengd som heiv myntar på han, medan dei ropte; ”vil du ha desse og?”. Denne stunda vart hugsa med smerte og sinne av den politiske klassen i Italia.

Hendinga markerte eit skilje i italiensk politikk. I lokalvala i Lombardia i 1993 vann det nydanna opposisjonspartiet Lega Nord og avslutta dermed 16 års sosialist-styre. I somme fylke fekk PSI under 4% av stemmene. Ved parlamentsvalet fall partiet frå 14% ved førre val til under sperregrensa på 4%, og vart ikkje representert i parlamentet.

Møte med rettsvesenet[endre | endre wikiteksten]

I desember 1993 sat Craxi på vitnebenken, jamsides partisekretæren i det kristlegdemokratiske partiet, Arnaldo Forlani. Dei var innkalla av Antonio di Pietro, statsadvokaten som hadde utløyst det Craxi kalla ”den falske revolusjonen”. På spørsmål om dei store mutene kalla ENIMONT som både PSI og DC hadde motteke, svara Forlani; ”kva muter?”. Craxi unngjekk Forlanis bommert, i staden vedgjekk han at han og mange andre politikarar braut lovene som gjaldt partifinansiering. Han såg på pengemidlane partia mottok som ”kostnaden ved politikk”.

Under ENIMONT-saka hevda han at i eit land der retten alltid arbeidde sakte, vart hans sak handsama i ekstraordinært tempo. Noko som også var tilfelle. Som svar på skuldingar i ei anna mutesak, Tangentopoli, sa han at han vart skild ut til å svare for lovbrot som han ikkje var den einaste som hadde gjort. Forsvaret hans var ikkje å seie seg uskuldig, men at alle var skuldige.

Craxi hadde som prinsipp aldri å orsake seg. I hans år ved makta såg mange med velvilje på dette autokratiske trekket, men etter at det korrupte politiske systemet var avslørt forventa ein ei offentleg orsaking. Ho kom aldri, Craxi hevda han berre hadde gjort det alle andre hadde gjort.

Eit fleirtal av italienarane hadde mista tiltrua til politikarane, og eliten i den politiske klassen måtte forlate posisjonane sine i åra 1993/94. Sinnet mot politikarane retta seg mindre mot at dei hadde teke mot muter, meir mot måten dei hadde brukt mutene på. Ein større del av pengane som partia fekk, gjekk rett i lomma på leiande politikarar. Eit PSI-medlem, Rino Formica, karakteriserte dette med utsegna: «Klosteret er fattig, men munkane er rike».

Flukt til Tunisia[endre | endre wikiteksten]

I mai 1994 flykta Craxi til Hammamet i Tunisia for å unngå å verte fengsla. Der hadde han ein eigedom, samstundes kunne han nyte godt av vernet frå Tunisias diktator, [Zine El Abidine Ben Ali]], ein venn av Craxi. Craxi vart dømd til 17 år og 4 månaders fengsel for korrupsjon, men sa seg uskuldig ved gjentekne høve. Han vende aldri tilbake til Italia, og døydde av komplikasjonar etter diabetes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Bettino Craxi» frå engelsk og tysk, den 22. februar 2009.