Between the Buttons
| Between the Buttons Studioalbum av The Rolling Stones |
||
| Utgjeve | ||
| Innspelt | 3.–11. august 1966, 8.–26. november 1966, 13. desember 1966 | |
| Sjanger | Rock, psykedelisk rock , barokk pop | |
| Lengd | 38:51 | |
| Selskap | Decca, London | |
| Produsent | Andrew Loog Oldham | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| The Rolling Stones-kronologi | ||
| Aftermath (1966) |
Between the Buttons | Their Satanic Majesties Request (1967 UK) Flowers |
Between the Buttons er det femte britiske og sjuande amerikanske studioalbumet til The Rolling Stones og kom ut i 1967 som oppfølgjaren til Aftermath.
Plata vart spelt inn i to omgangar i Los Angeles i august 1966 og London i november same året. Between the Buttons synte The Rolling Stones i ein periode der dei flytta seg inn i eit meir kunstnerisk landskap og bort frå R&B-røtene deira. Med album som The Beatles sitt Revolver, The Beach Boys sitt Pet Sounds og Bob Dylan sitt Blonde on Blonde, samt deira eige Aftermath og singlande deira frå 1966, hadde rocken fått ein kraftig utvida musikalsk horisont. The Rolling Stones prøvde å ta eit ytterlegare kunstnerisk steg frå Aftermath, og synte påverknad frå andre britiske band på denne tida som The Kinks.
Som Aftermath vart Between the Buttons gjeve ut i to forskjellige utgåver i Storbritannia og USA. Den britiske utgåva kom ut i januar 1967 på Decca Records, samstundes med ein separat singel, «Let’s Spend the Night Together» med «Ruby Tuesday» på baksida. Sidan det var vanleg i den britiske plateindustrien på denne tida å ikkje ta med singlane på studioalbuma, var ikkje denne med på «Between the Buttons». Albumet vart generelt godt teke i mot og nådde tredjeplassen på albumlista i Storbritannia. I Noreg låg albumet seks veker samanhengande på andreplassen, bak filmmusikken til The Sound of Music
I USA vart singelen med «Let's Spend the Night Together» og «Ruby Tuesday» ein del av albumet og «Back Street Girl» og «Please Go Home» fjerna. Dei to sistnemnde kom seinare med på den amerikanske plata Flowers. «Ruby Tuesday» gjekk til topps på singellista i USA og drog Between the Buttons med seg til andreplass.
Between the Buttons vart det siste albumet som vart produsert av Andrew Loog Oldham, som The Rolling Stones skilde seg sommaren 1967. Oldham hadde større innverknad på dette albumet enn tidlegare album, og nytta mellom anna Phil Spector-liknande lagvise lydspor på «Yesterday’s Papers», «My Obsession» og «Complicated», samt ukreditterte korvokalistar (kanskje mellom anna Graham Nash) gjennom heile plata. Brian Jones held fram å eksperimentere med eksotiske instrument og spelte mellom anna munnspel, blokkfløyte, piano, orgel og elektrisk dulcimer.
I åra etter ho kom ut vart Between the Buttons på ein eller annan måte oversett. I dag er deriomt både kritikarar og tilhengjarar langt meir entusiastisk. I 2003 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone albumet på 355. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.
Innhaldsliste |
Britisk utgåve [endre]
Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Yesterdays’ Papers» | 2:04 | |||||||
| 2. | «My Obsession» | 3:17 | |||||||
| 3. | «Back Street Girl» | 3:27 | |||||||
| 4. | «Connection» | 2:08 | |||||||
| 5. | «She Smiled Sweetly» | 2:44 | |||||||
| 6. | «Cool, Calm & Collected» | 4:17 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «All Sold Out» | 2:17 | |||||||
| 8. | «Please Go Home» | 3:17 | |||||||
| 9. | «Who’s Been Sleeping Here?» | 3:55 | |||||||
| 10. | «Complicated» | 3:15 | |||||||
| 11. | «Miss Amanda Jones» | 2:47 | |||||||
| 12. | «Something Happened to Me Yesterday» | 4:55 | |||||||
Amerikanske utgåve [endre]
Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Let’s Spend the Night Together» | 3:36 | |||||||
| 2. | «Yesterdays’ Papers» | 2:04 | |||||||
| 3. | «Ruby Tuesday» | 3:17 | |||||||
| 4. | «Connection» | 2:08 | |||||||
| 5. | «She Smiled Sweetly» | 2:44 | |||||||
| 6. | «Cool, Calm & Collected» | 4:17 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 7. | «All Sold Out» | 2:17 | |||||||
| 8. | «My Obsession» | 3:17 | |||||||
| 9. | «Who’s Been Sleeping Here?» | 3:55 | |||||||
| 10. | «Complicated» | 3:15 | |||||||
| 11. | «Miss Amanda Jones» | 2:47 | |||||||
| 12. | «Something Happened to Me Yesterday» | 4:55 | |||||||
Medverkande [endre]
- Mick Jagger – vokal, perkusjon, munnspel
- Keith Richards – gitar, vokal, bass, piano, orgel, kontrabass
- Brian Jones – orgel, vibrafon, munnspel, blokkfløyte, perkusjon, kazoo, saksofon, dulcimer
- Charlie Watts – trommer
- Bill Wyman – bass, perkusjon, kontrabass
- Ian Stewart – piano, orgel
- Jack Nitzsche – piano, cembalo, perkusjon, hornarrangement
- Nicky Hopkins – piano
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Between the Buttons» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2009.