Bevaringslovene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bevaringslovene er naturlover som seier at ein storleik har same verdi før og etter ein prosess. Bevaringslovene er viktige prinsipp i fysikk.

Bevaringslover i mekanikk[endre | endre wikiteksten]

Bevaringslova for mekanisk energi: Den totale mekaniske energien til ein gjenstand i fritt fall er konstant.

Bevaringslova for rørslemengd: Når resultanten av dei ytra kreftene på eit samansett system er lik null, er den samla rørslemengda konstant for systemet.

Bevaringslover i kjernefysikk[endre | endre wikiteksten]

For kjernereaksjonar gjeld desse bevaringslovene:

Energibevaringslova:

Den totale energien er like stor før og etter ein kjernereaksjon.

Bevaring av mengder nukleon:

Det totale mengda nukleon er alltid det same før og etter ein kjernereaksjon.

Bevaring av ladning:

Den totale ladninga blir bevart i ein kjernereaksjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]