Bevatron

Koordinatar: 37°52′39″N 122°15′03″W / 37.877392°N 122.250811°W / 37.877392; -122.250811
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bevatron er ein protonsynkotron på 6,4 GeV i Berkeley i California. Han vart teken i bruk i 1954, og var den gong den største partikkelakseleratoren i verda. Han var den første akseleratoren som hadde høg nok energi til å produsere antiproton. Forstavinga beva er danna av billion med amerikansk tyding 109, altså giga. Akseleratoren vart i 1970-åra ombygd og samankopla med akseleratoren SuperHILAC til ein tungione-akselerator og kalla Bevalac. Denne vart i 1982 nytta til å akselerere uranion til ein energi på 1 GeV per nukleon eller 238 GeV per ion, ein rekord ved akselerasjon av tunge ion. Bevatron/Bevalac vart nedlagd i 1993.

Tungionekollisjonar ved høge energiar er sidan studerte ved akseleratorane AGS og RHIC ved Brookhaven National Laboratory og SPS og LHC ved CERN.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

37°52′39″N 122°15′03″W / 37.877392°N 122.250811°W / 37.877392; -122.250811