Bexhill-on-Sea

Koordinatar: 50°51′N 0°28′E / 50.850°N 0.467°E / 50.850; 0.467
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bexhill-on-Sea

Sjøsida i Bexhill
Sjøsida i Bexhill
Sjøsida i Bexhill
Plassering
Bexhill-on-Sea is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap East Sussex
Distrikt Rother
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

41 173
Koordinatar 50°51′N 0°28′E / 50.850°N 0.467°E / 50.850; 0.467
Diverse annan informasjon
Postnummer TN39-40
Telefon-retningsnummer 0 1424
Commons har multimedium som gjeld: Bexhill-on-Sea

Bexhill-on-Sea, som oftast berre vert kalla Bexhill, er ein by og ein badestad i fylket East Sussex sør i England innanfor distriktet Rother. Byen har ein folkesetnad på rundt 40 000 menneske. Rother Swim Academy ligg her. Det opphavlege angelsaksiske namnet på byen var Bexelei, frå leah, ein skog/skogopning der det voks buksbomtre (Buxus).[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei tidlegaste bevisa på busetjing frå staden kjem frå oppdaginga av primitive båtar ved Egerton Park. Byen kom inn i offisiell eksistens med eit charter frå 772 der kong Offa av Mercia gav land til biskop Oswald for å byggje ei kyrkje. Tre hundre år seinare, rundt 1066, gav Vilhelm Erobraren Hastings si rape (landinndeling), inkludert den erobra byen Bexhill (òg referert til som «Badman Town»), til Robert, greve av Eu, som krigsbytte.

Landgodset Gotham i Bexhill var ått av familien de Lyvet (Levett) frå tidleg av. Familien Levett heldt land i Firle, Catsfield, Ninfield, South Heighton og West Dean og andre stader, noko som gjekk tapt på grunn av konkursen til arvingen. Thomas de Lyvet, son av Richard, Gotham til James Fiennes, 1. baron Saye og Sele (død 1450). Dotter til Thomas, Elizabeth, som gifta seg med William Gildredge av Withyham, gjekk imot eigarskapet til Gotham, utan hell, i 1445.[2] Familien Gildredge levde seinare i nærleiken av Eastbourne der dei i 1554 åtte det meste av landet. Dagens Gildredge Park i Eastbourne er namngjeve etter familien. Det meste av landet vart gjeve vidare ved ekteskap til familien Gilbert (i dag Davies-Gilbert) av Eastbourne som gjorde landgodset Gildredge til sitt eige.

Kyrkja var ått av landgodset Bexhill inntil dronning Elisabeth I av England overtok det i 1590 og gav det til Thomas Sackville, den gongen baron Buckhurst. Thomas vart den første jarlen av Dorset i 1603. I 1813 då den mannlege slektslinja døydde ut gifta Elizabeth Sackville seg med den femte jarlen av De La Warr, og ho og ektemannen hennar arva Bexhill. Den tidlege historia kan enno vart sett i gatenamnene, som Sackville Road, Buckhurst Road, De La Warr Parade, og King Offa Way.

Den 20. mai 1729 kom ei skypumpe mot stranda og vart ein tornado som drog rundt 20 km innover land mot Battle og Linkhill, og ni gardar og eigedomar vart hardt råka.[3]

Smugling var omfattande i dette området tidleg på 1800-talet. I 1828 vart han lokale forbrytarar, «Little Common Gong», involvert i kva som er vorte kjent som «slaget ved Sidley Green»,[4] eit område nord for Bexhill.

Lokalstyre[endre | endre wikiteksten]

I løpet av den lokale styringsreformen i 1974 vart Bexhill ein del av Rother distriksråd (Rother District Council) og der igjennom tapte byrådet sitt. I staden vart Bexhill ein by i samsvar med Charter Trustees, tillitsmannsstyre, og representert med byrådsmedlem i Rother distriksråd.[5] Eit forum bli halde kvart kvartal for å gje samfunnet ei stemme på lokalt nivå.[6] Rothers distriksråd blir halde i Bexhill og val blir gjennomført kvart fjerde år. 83 byrådsmedlemmane blir valt, 18 av desse kjem frå dei 9 administrative einingane som utgjer Bexhill. For valet i mai 2007 utgjorde valresultatet 14 konservative, 3 liberaldemokratar og 1 uavhengig.[7] Val til parlamentet blir halde i nabobyen Battle. På europeisk nivå er Bexhill representert av den søraustlege regionen som held 10 sete i Europaparlamentet. Valet for juni 2004 gav 4 konservative, 2 liberaldemokratar, 2 frå partiet United Kingdom Independence Party, 1 frå Arbeidarpartiet og frå dei grøne, ingen av dei levde i East Sussex.[8]

Landemerke[endre | endre wikiteksten]

Stader av særleg vitskapleg interesse ligg innanfor distriktet Bexhill; High Woods. Det har biologisk tyding sidan det er det einaste kjende skogslandet for vintereik (Quercus petraea) i East Sussex.[9]

Det er òg funne mange fossil i Bexhill. I 2009 vart det eldste edderkoppnettet i verda funne innkapsla i rav i byen. Det var 140 millionar år gammalt.[10]

Område[endre | endre wikiteksten]

  • Old Town: den opphavlege byen på åsen, dokumentert ved charter av kong Offa i 772.
  • Cooden: eit overklasseområde av byen og ligg sørvest-vest med ei rekkje hotell, golfbane og strand.
  • Little Common: ein forstad vest for byen i nærleiken av Cooden.
  • Pebsham: eit område austom byen som ligg nær Sidley.
  • Sidley: eit anna område som ligg i nord.
  • Collington: eit bustadområde i nærleiken av Cooden.
  • Bexhill New Town: den nye byen som i dag er hovudområdet i Bexhill. Det er fleire gater med ei rekkje butikkar, jernbanestasjon, bibliotek og De La Warr Pavilion ved strandpromenaden.
  • Ninfield: eit jordbruksområde i nord.
  • Barnhorn: eit område vest for Bexhill; namnet er bevart i Barnhorne Manor og Barnhorn Road (ein seksjon av A259). Namnet er nedteikna for året 772 i eit angelsaksisk charter som Berna horna.[11]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Reginald Sackville, 7. jarl De La Warr, vedtok å omdanne det som var ein landsby på ein ås rundt ei kyrkje til ein eksklusiv badestad ved kysten og som han namngav Bexhill-on-Sea. Han var verksam i å byggje ein vernande sjømur sør for landsbyen, og vegen overfor vart difor kalla for De La Warr Parade. Store hus vart bygd innover landet derfrå og den nye byen fekk byrjinga si. I 1890 vart det luksuriøse hotellet Sackville Hotel bygde.

Bexhill var staden for det første billøp på bane i Storbritannia som skjedde i mai 1902.[12] Skilt i utkanten av byen har teksta «Birthplace of British Motor Racing» (Fødestad for britisk motorløp) under namnet til byen. Bexhill 100 Festival of Motoring, heldt ved strandpromenaden i Bexhill, feira dette minte i for motorsporten i Storbritannia frå 1990 til 2002. Finalefestivalen vart feira hundreårsdagen for dei opphavlege løpa. I løpet av festivalen i 1999 oppretta organisatorane The Bexhill 100 Motoring Club slik at sjølv om festivalen ikkje lenger eksisterer heldt aktivitetane fram i ein eigen klubb og komiteen deira organiserer kvart år eit veteranbilshow, The Bexhill 100 Motoring Club Classic Car Show, som blir halde i august i The Polegrove, Bexhill.

De La Warr Pavilion, ein utstillingsbygning som var den store tanken til den niande jarlen De La Warr, vart opna i 1935 og er det første dømet på moderne arkitektur i ein britisk offentleg bygning.

Under den andre verdskrigen var Bexhill nemnt som eit stad for å invadere England som ein del av «Operasjon Sjøløve» av Nazi-Tyskland.

Byen, som mange andre engelske badestader, er no meir eit fast busett samfunn. Sjølv det er ei mindre underhaldning- og forlystelsesområde ved sjøsida har byen i dag ein større fastbuande folkesetnad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whynne-Hammond, Charles (2007): English Place-Names Explained. Countryside Books. Side. 228. ISBN 9781853069116.
  2. Page, William; Louis Francis Salzman (1937): The Victoria History of the County of Sussex. T. P. Hudson, A. Constable.
  3. Gallery of Natural Phenomena, arkivert frå originalen 16. april 2009, henta 16. juli 2011 
  4. The Sidley Green Home Page
  5. «Ask the leader 2006, Question 331» Arkivert 2011-06-14 ved Wayback Machine.. Rother District Council
  6. «Bexhill Town Forum» Arkivert 2007-05-17 ved Wayback Machine.. Rother District Council.
  7. «Election Results - May 3rd 2007» Arkivert 2011-06-14 ved Wayback Machine.. Rother District Council.
  8. sin/MembersMain.htm «UK MEP's»[daud lenkje]. UK Office of the European Parliament.
  9. «Natural England - SSSI». English Nature.
  10. BBC: Spider web confirmed as 'oldest'
  11. "Anglo-Saxons.net : S 108"
  12. The Royal Automobile Club Archives and Collections: The Bexhill Trials[daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]