Beyşehirsjøen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Beyşehirsjøen | |
| Beyşehir Gölü | |
| innsjø | |
|
Satellittbilete av Beyşehirsjøen
|
|
| Land | |
|---|---|
| Provins | provinsen |
| høgd | 1 123 moh |
| koordinatar | |
| Lengd | 45 km |
| Breidde | 20 km |
| Areal | 650 km² |
Beyşehirsjøen (tyrkisk Beyşehir Gölü) er den største innsjøen i provinsane Isparta og Konya sørvest i Tyrkia. Han har eit areal på 650 km² og er 45 km lang og 20 km brei. Han har det same namnet som den største byen i regionen, Beyşehir.
Vassnivået varierer ein del gjennom året. Beyşehirsjøen vert nytta til kunstig vatning, sjølv om han òg er ein nasjonalpark. Det er 32 øyar i innsjøen. Beyşehirsjøen er òg ein viktig stad for mange fugleartar.
Den største djupna er 10 meter. Innsjøen får vatn frå elvar frå Sultanfjella.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lake Beyşehir» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Beyşehirsjøen at BirdLife International