Bhamdoun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bhamdoun
بحمدون
by
Land  Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Aley distrikt
Koordinatar 33°48′35″N 35°39′19″E / 33.80972°N 35.65528°E / 33.80972; 35.65528
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Bhamdoun
33°48′35″N 35°39′19″E / 33.809722222222°N 35.655277777778°E / 33.809722222222; 35.655277777778
Wikimedia Commons: Bhamdoun

Bhamdoun (arabisk بحمدون) er ein by i Libanon 23 km frå Beirut på hovudvegen til Damaskus og i forstadane til turistbyen Aley, 1100 meter over havet oppom Lamartinedalen. To fråskildre landsbyar utgjer byen, Bhamdoun-el-mhatta (tyder bokstavleg «Bhamdoun stasjonen») og Bhamdoun-el-day'aa («Bhmadoun landsbyen»). Ein jernbane brukte å knyte Bhamdoun og Beirut saman og togstasjonen var ein viktig del av byen i mange år. Stasjonen og jernbanen vart etter kvart nedlagt då bilane tok over. Folkesetnaden er hovudsakleg ortodokse kristne.

Før den libanesiske borgarkrigen var Bhamdoun ein av dei mest populære feriestadane om sommaren. I dag er turistindustrien igjen på veg opp i byen med fleire hotell og restaurantar. Turistar, særleg frå landa kring Persiabukta som ein gong vitja Bhamdoun, kjem attende her i sommarferiane sine. Mange har ògg kjøpt feriehus her.

Han har fem kyrkjer, to moskéar og ei synagoge frå 1910.[1] Synagoga var ein av dei tre store synagogene i Libanon, men vart lagt ned kort tid før borgarkrigen.

I 2000 byrja vingarden Chateau Belle-Vue å dyrke vindruer, noko som skapte nokre få jobbar i landsbyen. Vinproduksjonen starta i 2003. Vinen «Renaissance 2003» frå her vann ein internasjonal vinpros i 2005 og er i dag tilgjengeleg i restaurantar og hotell på tre kontinent.[2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Parfitt, Tudor, Israel and Ishmael: Studies in Muslim-Jewish relations, Page 89, St. Martin's Press 2000
  2. http://www.chateaubelle-vue.com