Bharatanatyam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bharatanatyamdansar i eit tempel som framstiller sparket guden Sjiva gav dødsguden Jama.

Bharatanatyam eller bharata natyam (sanskrit for 'Bharata sin dans') er ein klassisk indisk dans som særleg er knytt til Tamil Nadu sør i India. Danseforma har fleire hundre år gamle røter, men gjekk gjennom ein nedgang og blei først gjenoppliva og rekonstruert på 1930-talet. Ho er no populær både i India og utlandet, men har hovudtyngden i Sør-India.

Bharatanatyam blir typisk utført av éin solodansar som framfører fleire roller utan å forlata scena. Ei førestilling varer som regel i to timar utan pause, og inneheld ei rekkje faste postar. Dansaren går inn i ulike positurar gjennom å bøya føtene og nytta skuldrer, armar, hals og hovud. Handgester (mudra) og mimikk blir brukt til å formidla meining.

Dansen blir som regel utført til levande karnatisk musikk med songarar.

Bharatanatyamdans utført av Rama Vaidyanathan ved Guimet-museet i 2009.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bharatanatyam kan knyttast til fleire indiske tradisjonar. Apsaraer, dansande himmelnymfer, er ei viktig førestilling i hindumytologi. Ein tradisjon med devadasiar, jenter og kvinner vigde til hindutempel som tempeldansarar, voks fram i løpet av det første tusenåret. I Brihadisvaratempelet (Peruvudaiyarkoyil) i Thanjavur frå 1500-talet finn ein utskjeringar av 81 dansestillingar som også finst i moderne bharatanatyam. Fleire former for dans er nemnde i eldre klassiske tamilske verk som Tolkappiyam (தொல்காப்பியம்) og den seinare Silappadikaram (சிலப்பதிகாரம்), der ein av hovudpersonane, Madhavan, er ein dansar. Bharatanatyam følgjer også reglane nemnde i det klassiske sanskritverket Natyasjastra av Bharata Muni.

Thanjavur-kvartetten, fire nyskapande musikarbrør frå Thanjavur, fornya både tradisjonell dans og musikk på 1800-talet. Dei stod for den noverande rekkjefølgja av postar som ein vanlegvis følgjer i ei danseframsyning. E. Krishna Iyer og Rukmini Devi Arundale hadde stor innverknad på den moderne utforminga av dansen på 1900-talet. Iyer gav dansen sadir namnet bharatanatyam for å fjerna tilknyttinga til devadasiar, som no var for reine prostituerte å rekna. Han oppmuntra også kvinner av høgare kaster til å ta opp dansen for å auka statusen hans. Rukmini Devi endra koreografien ved å fjerna ein del hofte-, bryst- hals- og lepperørsler ein rekna som upassande. Ho innførte rike kostyme som bygde på tempelskulpturar og endra lyssetjing og plassering av musikarane på scena. Medan dansen tidlegare berre hadde blitt utført av kvinner, byrja Rukmini Devi også å trena opp ein del mannlege dansarar. Dansaren Balasaraswati, som kom frå ein devadasifamilie og var lært opp i dansen frå barndommen av, førte likevel den levande tradisjonen ut til eit vidare publikum.

Utføring[endre | endre wikiteksten]

Mannleg dansar framfor eit karnatisk musikkensemble under ei bharatanatyamførestilling.

Bharatanatyam kombinerer ein grasiøs, femininin dansestil, lasya, med ein meir energisk, maskulin stil, tandava. Ein skil mellom «rein dans» utan tyding (nritta), dramatisk eller mimande dans (natya), og ei blanding av desse teknikkane (nritya).

Ei førestilling følgjer som regel ein viss rekkjefølgje (margam, 'veg'). Ho opner med ein innleiingsdans som ofte inneheld ei bøn til gudane om å signa dansen, kjend som alarippu, 'blomstrande'. Jatiswaram er ein «rein dans» der dansaren viser fram ulike danseteknikkar til perkusjon. Shabdam som følgjer inneheld derimot tyding til song eller dikt, til dømes om eit religiøst eller kjærleiksemne. Varnam er den lengste delen av førestillinga, og fortel ei soge gjennom dansen, gjerne knytt til kjærleik og lengt. Dette blir følgd av seinare dansar som padam, ein lyrisk del der dansaren formidlar ein viss type djup kjærleik (til dømes morskjærleik eller kjærleik til Gud) og eventuelt javali (meir leiken kjærleik) og kirtanam. Førestilllinga blir avslutta med tillana, ein rask og rytmisk rein dans der dansaren viser fram komplekse rørsler og fotarbeid.

Medan solodans blir rekna som den tradisjonelle forma av dansen, er det òg blitt meir vanleg med grupper av dansarar. Bharatanatym blir også brukt mykje i eksperimentell koreografi der danseforma blir blanda med andre typar dans eller musikk.

Opplæring[endre | endre wikiteksten]

Ein bharatanayamdansar får opplæring i fleire år før ho opptrer framfor eit publikum i ein debut kalla arangetram. Ein kan studera dansen ved Kalakshetra, ein danseskule grunnlagd av Rukmini Devi, ei rekkje indiske universitet og høgskular, og fleire institusjonar i utlandet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. BHARATA NATYAM - INSTITUTIONS, artindia.net