Bhupen Hazarika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bhupen Hazarika
Dr. Bhupen Hazarika, Assam, India.jpg
Verkeleg namn ভূপেন হাজৰিকা, Bhupen Hazarika
Fødd 8. september 1926, Sadiya i Assam i Britisk India
Død 5. november 2011 (85 år), Mumbai i Maharashtra i India[1]
Aktive år 1939-2011
Yrke Musikar, songar, diktar, filmskapar
Nettstad www.bhupenhazarika.com

Bhupen Hazarika (8. september 19265. november 2011) var ein indisk songar, låtskrivar og filmskapar frå Assam. Han skreiv over 1 500 songar, hovudsakleg på assamesisk, men mange av dei blei også omsett til bengali og hindi. Hazarika var populær i India og Bangladesh, og musikken hans viste fram assamesisk og nordaustindisk kultur til eit vidare publikum. Hazarika var også politisk aktiv, og var sterkt inspirert av Paul Robeson, både musikalsk og politisk.

Hazarika blei først kjend for ein song han framførte som tolåring i filmen Indramalati (1939) som var skriven og regissert av Jyotiprasad Agarwala. Tretten år gammal skreiv han sin første eigne song, «Agnijugor Firingoti Moi».

Etter å ha oppnådd mastergrad ved Banaras Hindu University fekk han eit stipend til Columbia University i USA i 1949, der han tok doktograd i 1952 med avhandlinga Proposals for Preparing India's Basic Education to use Audio-Visual Techniques in Adult Education. Ved universitetet møtte han Priyamvada Patel, som han gifta seg med i 1950. Dei fekk ein son, Tez Hazarika, i 1952.

Bhupen Hazarika blei også kjend med den afroamerikanske songaren og aktivisten Paul Robeson, som skulle få stor innverknad på han. Robeson sin song «Ol' Man River» blei utgangspunktet for «Bistirno parore», ein song om indiske elvar som blei omsett til fleire indiske språk og stadig er populær. Gjennom karrieren skreiv Hazarika både reine kjærleikssongar og meir samfunnsmedvitne tekstar. Ein av hans omtykte songar er «Manuhe Manuhor Babey» ('Menneske er for menneskja'), som i si bengalske form «Manush Manusher Jonno» blei kåra til den mest populære songen i Bangladesh etter nasjonalsongen.

Tilbake i India blei Hazarika tilsett ved det nye Universitetet i Gauhati i Assam og gjekk unn i den venstreorienterte foreininga Indian People's Theatre Association. I 1993 blei han vald til leiar av den assamesiske litterære foreininga Asam Sahitya Sabha. Frå 1998 til 2003 var han leiar for det indiske nasjonalakademiet for utøvande kunst, Sangeet Natak Akademi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Acclaimed singer Bhupen Hazarika dies at 85», 'CNN-IBN', 5 November 2011, http://ibnlive.in.com/news/acclaimed-singer-bhupen-hazarika-dies-at-85/199577-8-66.html, henta 5 November 2011