Bhutan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Druk Yul (Dru Ü)

(norsk: Bhutan, bhutansk)

Det bhutanske flagget Det bhutanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Druk tsendhen»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Bhutan
Offisielle språk Dzongkha
Hovudstad Thimphu
Styresett
Monarki
Jigme Khesar Namgyal Wangchuck
Jigme Thinley
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
38 394 km² (134.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2002)
 – Tettleik
 
716 896 (162.)
2 094 176
18,7 /km² (123.)
Sjølvstende
Historisk
Nasjonaldag 17. desember
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
3 526 mill. USD (163.)
5 000 USD (118.)
Valuta Ngultrum
Tidssone UTC +6
Telefonkode +975
Toppnivådomene .bt


Bhutan er eit lite land i Himalaya i Sør-Asia. Landet grensar til India og Folkerepublikken Kina. Det eigentleg namnet på Bhutan, Druk Yul (uttala dru ü), tyder drakelandet.

Landet er kjend for å vera eitt av dei mest avsondra i verda gjennom ein medviten politikk ført av dei bhutanske kongane. Mellom anna er det påbode å bera tradisjonelle klede. Få utlendingar har fått reisa inn i landet, og moderne massemedia har vore haldne ute. I dag er likevel både turisme og media i vekst.

Fram til 1998 hadde kongen totalitær makt i landet, men etter det har han gradvis gjeve frå seg meir og meir makt. Kong Jigme Singye Wangchuck gjennomførte ein prosess som leidde fram til valet i Bhutan 2008, det første frie valet i landet. Singye abdiserte i 2006, og overlét trona til den unge sonen Jigme Khesar Namgyal Wangchuck. Bhutan vil framleis vera eit monarki, og begge partia som stilte ved valet la stor vekt på rolla til kongen.

Kart over Bhutan

Klima[endre | endre wikiteksten]

Bhutan har i røynda tre klimasoner. Den særlege er kring 50 km brei med høgder frå 150 til 2000 moh og her er det tropisk klima. Monsun som kjem her om sommarne fører med seg mykje nedbør, som vert pressa opp mot dei høge fjella og gjev store mengder regn. Nedbørnormalen er her kring 2500 mm. Lenger nord ligg den ca. 75 km breie sentrale sonen som for det meste ligg mellom 2000 og 4000 moh. Her er det temperert klima med monsunregn. Ved grensefjella i Store Himalaya er klimaet nær arktisk.

I nordlege område av landet har ein derimot ein god del torevêr om våren, lenge før monsunen kjem. Midt i monsuntida, frå juni til september, kjem mykje av nedbøren om natta, og ein kan ha litt sol om ettermiddagen før bygene kjem. Landet har ein normal årsnedbør på om lag 3000 mm, og det meste kjem frå mai til oktober. Under dei høgaste fjelltoppane er vintervêret vanlegvis klårt med frost om morgonen, og av og til litt tåke.

Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Bhutan» på Wikipedia på bokmål/riksmål.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.