Biševo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Biševo
Satellittbilete av Vis (stor) og Biševo (mindre)
Satellittbilete av Vis (stor) og Biševo (mindre)
Geografi
Croatia - Bisevo.PNG
Stad Utanfor kysten av Dalmatia
Koordinatar 42.9735° N 16.012° E
Areal 5,8 km²
Høgaste punkt Straženica (239 moh.)
Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Dubrovnik-Neretva
Demografi
Folketal 19 (2001)

Biševo (italiensk Busi) er ei øy i Adriatarhavet, som høyrer til Kroatia. Ho ligg ligg ved den dalmatiske halvøya, 5 km sørvest for øya Vis, og har eit areal på 5,8 km²[1], og 19 innbyggjarar (i 2001).[2] Øya består av kalkstein, og det høgaste punktet er Straženica på 239 m. På midten av øya er det dyrkande marker, medan nordsida av øya er dekt av furuskog, og sørsida av kratt eller bar stein. Sjøen rundt er rik på fisk. [3] Hovudnæringa på øya er vindyrking og fiske.

Eit benediktinarkloster vart grunnlagd på Biševo i 1050 av Ivan Grlić (italiensk Giovanni Gherlich) frå Split, men det vart 200 år seinare forlate på grunn av trugselen for sjørøvarar. Kyrkja av St. Silvester er bevart nær ruinane av klosteret. [1][4]

Der kysten er bratt er det mange grotter, og den mest vidkjende er Den blå grotta, som har vore tilgjengeleg sidan 1884, og som ein berre kan kome inn i med båt. [3] Ho er 18 meter lang, 6 meter djup og 6 meter høg. Inngangen til grotta er berre 1,5 meter høg og 2,5 meter brei. [5] Frå klokka 10 til 13 skin sollyset gjennom opninga av grotta, og reflekterer frå den kvite havbotn, slik at lyset i grotta vert blåfarga, og lekamar i vatnet sølvfarga.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 peljar.cvs
  2. Statistisk årbok 2006 for Kroatia
  3. 3,0 3,1 3,2 Biševo på dalmacija.net
  4. Biševo på croatiatouristcenter.com
  5. Biševo på nautic-apartments.com


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]