Biała

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Biała
Biała i Bielsko-Biała
Biała i Bielsko-Biała
Utspring Dei schlesiske Beskidane
- Høgd om lag 800 m
Munning Wisła
Land i nedslagsfelt Flag of Poland.svg Polen
Lengd 28,6 km
Nedslagsfelt 139 km²

Biała er elv sør i Polen og ei av sideelvane til Wisła frå høgre. Ho har kjelda si i Dei schlesiske Beskidane i sidene til fjella Klimczok, Szyndzielnia og Magura i ei høgd på om lag 800 meter over havet. Dei viktigaste landsbyane langs breidda er Bystra Śląska, Bielsko-Biała og Czechowice-Dziedzice.

I mange hundreår var ho ei grenseelv mellom dei historiske landa Schlesen og Veslepolen. Frå 1316 danna ho grensa mellom hertugdøma Cieszyn og Oświęcim, og seinare mellom Polen og dei historiske tsjekkiske landa. Ho skil Cieszyn-Schlesen frå Veslepolen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Biała

Kjelder[endre | endre wikiteksten]