Biafra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det biafranske flagget.

Biafra var ein kortlevd sjølvstendig stat i Vest-Afrika. Han var danna av Aust-regionen i Nigeria og utropt den 30. mai 1967 med Enugo som hovudstad. Biafra hadde 14 millionar innbyggjarar, hovudparten var kristne iboar. Berre få andre land godtok statsdanninga.

Kart over Biafra

Nigeria aksepterte ikkje sjølvstendeerklæringa, og prøvde gjennom Biafrakrigen å ta landet tilbake. Etter fleire år med harde kampar lukkast dei, og Biafra slutta å eksistera den 15. januar 1970 då dei stridande styrkane der kapitulerte.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.