Bias Bernhoft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tobias Brodtkorb Bernhoft, kjend som Bias Bernhoft (13. oktober 190224. november 1986) var ein norsk songar og revyforfattar.

Bernhoft var fødd på Mjølfjell[1]. Han debuterte som revysongar i 1926, og avslutta karrieren med å skriva tekstar til Jens Book-Jenssen i 1974. Gjennom hundreåret var han ein av dei viktigaste bakmennene i norsk revy, og skreiv for og/eller samarbeida med Arild Feldborg, svigersonen Bjørn Sand, Leif Juster, Einar Rose, Lalla Carlsen, Elisabeth Granneman, Kari Diesen, Wenche Myhre, Dizzie Tunes og Dag Frøland. Mellom Bernhoft sine kjende revyviser kan nemnast «Karl Johan og jeg» og «Omatt og omatt». Bias Bernhoft døydde i Oslo.

TV-portrettet Teksten var av Bias Bernhoft vart sendt i NRK i 1965. I det private dreiv han frå 1928 ein tobakksforretningMajorstuen i Oslo. Denne vert i dag (2008) driven av dotter hans, Unni Bernhoft Sand, som også har ei fortid på «dei skrå breiddene». Bias Bernhoft vart tildelt Leonardstatuetten i 1973.

Referanser[endre | endre wikiteksten]