Bibelbeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bibelbeltet er eit kallenamn for regionar i fleire land der misjon og kristen bodskap står sterkt, mellom anna i Nederland, i USA og i dei områda av Skandinavia der den evangeliske protestantismen utgjer ein gjennomgripande del av kulturen. I USA svarer bibelbeltet til dei amerikanske sørstatane. I kolonitida blei det innført statskyrkje i regionen. Det skjedde i kolonitida, hovudsakleg med påverknad frå anglikanisme eller frå Den engelske kyrkja og presbyteriane i Den skotske kyrkja.

I Nederland[endre | endre wikiteksten]

I Nederland strekkjer bibelbeltet seg frå Zeeland i sørvest, gjennom Betuwe og Veluwe, til dei nordlege delane av Overijssel. Også Flevoland har blitt ein del av det nederlandske bibelbeltet. Dette området vart polderisert i perioden 1957-1986. Den ortodokse forma for reformert kristendom som tidlegare prega folkesetnaden ved IJsselmeer fekk snart feste også i dei nye områda - som etter kvart blei ein eigen provins (så seint som i 1986). Den historiske grunnen til det nederlandske bibelbeltet er at katolikkane forfølgde protestantane både under og etter Åttiårskrigen.

I Norden[endre | endre wikiteksten]

I Sverige finst det eit bibelbelte sør om innsjøen Vänern, ved Jönköping der særleg pinsekyrkjelydane står sterke. Dette bibelbeltet held fram i Bohuslän, eit område der frikyrkjene tradisjonelt er sterke. I Danmark er den pietistiske indremission særleg talrik i bibelområdet kring Ringkøbing Fjord i Vest-Jylland.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Bibelbeltet blir også brukt for å skildre stoda til kristendomen i Noreg. Det norske bilbelbeltet strekkjer seg langs kysten frå Aust-Agder til Møre og Romsdal[1].

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.



Referansar[endre | endre wikiteksten]