Bibeldagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bibeldagen blir av dei fleste norske kyrkjesamfunn feira i samband med Såmannssøndagen eller -laurdagen (for adventistane). Bibeltekstane handlar denne dagen om Guds ord, og gudstenesta er prega av takksemd for at vi i Noreg gjennom mange hundre år fritt har hatt høve til å lese og bruke Bibelen.

Det Norske Bibelselskap har tre konkrete målsetjingar for Bibeldagen:

  • Takke for at vi har Bibelen
  • Gje offergåver til bibelutbreiing i andre land
  • Hjelpe kvarandre til å lese og bruke Guds ord

Kjelder[endre | endre wikiteksten]