Bibelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bibelen
The Holy Bible, Santa Biblia, Biblia, Bíblia Sagrada, Света Библија, Bibbia, La Bible, la Biblio, Biblija

Språkklassisk hebraisk, arameisk, koiné
Sjangerreligiøs litteratur, heilag skrift
Christian III sin bibel frå 1550 var den første danske omsetjinga av det viktige verket

Bibelen (gjennom latin frå gresk βιβλιος ‘lita bok’)[1] er ei samling av kanoniske skrifter i jødisk og kristen religion. Bibelen i si kristne form blir i dag utgjeven på 2355 språk (2003).

Den kristne bibelen inneheld to samlingar av skrifter som i kristen tradisjon oftast blir kalla Det gamle testamentet og Det nye testamentet.

Det gamle testamentet, eller Den hebraiske bibelen, er ei samling av hebraiske skrifter som ein reknar med vart endeleg fastsett kring byrjinga av den moderne tidsrekninga. Den hebraiske bibelen finst i tre hovudversjonar: Den samaritanske Toráen, som inneheld ein eigen samaritansk versjon av dei fem Mosebøkene på hebraisk; Tanákh, som inneheld ein jødisk versjon av Toráen eller dei fem Mosebøkene og i tillegg profetiske og poetiske skrifter; og Septuaginta, som inneheld ei gresk omsetjing og tolking av Tanákh med mange tillegg, inkludert ekstra bøker (dei apokryfe eller deuterokanoniske skriftene). I tillegg kjem dei ulike arameiske omsetjingane av Mosebøkene, der Targúm Onkelos blir rekna som den viktigaste. Det kristne Gamle testamentet varierer noko i faktisk innhald, men er vanlegvis ei omsetjing som kombinerer element frå Tanákh-tradisjonen og Septuaginta-tradisjonen — med meir vekt på Tanákh-tradisjonen i protestantisk kristendom og meir vekt på Septuaginta i katolsk kristendom. Den gamle testamentet eller Den hebraiske bibelen blir rekna som heilag i jødedommen, kristendommen, islam og bahai.

Det nye testamentet er skrive på den seinantikke greske språkforma koiné. Det nye testamentet er rekna som heilag i kristendommen, islam og bahai. Jødedommen reknar ikkje Jesus for å vera Messias eller ein autoritativ profet, og godtek ikkje Det nye testamentet som kanonisk.

Bibelen på ulike språk[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Bibelomsetjing.

Kristendommen skil seg frå mange andre religionar, også dei nært beslekta religionane jødedom og islam, ved at dei kristne legg særleg vekt på å omsetje Bibelen til så mange språk som mogleg. Den første omsetjinga av Bibelen er dermed ei viktig språkhistorisk hending for mange språk, som t.d. gotisk og finsk. I Noreg vart den første norske bibelen omsett kring 1310 for Håkon V Magnusson. Denne bibelen, som er kjend under namnet Stjórn (‘Styre’), inneheldt Mosebøkene, de historiske bøkene fram til 2. kongebok med tillegg frå Krønikebøkene og ei alternativ utgåve av Josvas bok. Etter reformasjonen kom det (nye) biblar på dansk (1543) og (1550, «Reformasjonsbibelen»), svensk (1541, Gustav Vasas bibel, islandsk (1584) og finsk (1548), men ikkje på norsk. Det norske bibelselskapet vart stifta i 1816, men brukte dei første nitti åra til å trykke opp danske biblar. I 1904 gav bibelselskapet ut ei bibelutgåve der delar av ordforrådet var fornorska. Det første nynorske nytestamentet kom i 1870, den første nynorske bibelen kom så seint som i 1921. Den første samiske kom i 1895, omsett av Lars Jacobsen Hætta, med utgangspunkt i Niels Vibe Stockfleth si omsetjing av Det nye testamentet i 1840. Den neste nordsamiske Bibelen, på rettskrivinga frå 1979, vart lansert i Kautokeino 26. august 2019.

Heile eller delar av bibelen er omsett til 2355 språk, eller til om lag 4/6 av språka i verda, dvs. til bortimot alle språka med meir enn ca. 1000 talarar. Mange ser på dette arbeidet som kulturimperialisme, men samtidig utgjer dette arbeidet både eit steg på vegen mot å utvikle skriftspråk og lesekunne, og det er også den kanskje viktigaste kjelda til kunnskap om ulike språk. Verdas største bibelomsetjar institusjon er Summer Institue of Linguistics (SIL), ein institusjon som også står bak www.ethnologue.com, den viktigaste nettstaden til kjennskap om den sosiolingvistiske stoda til fleirtalet av språka i verda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]