Bickerton Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 53°5′13″ N 2°42′50″ W

Bickerton Hill
ås
none  Northern Bickerton Hill, med knausane Raw Head og Musket's Hole
Northern Bickerton Hill, med knausane Raw Head og Musket's Hole
Del av Mid Cheshire Ridge
stad Cheshire, England
 - høgd 227 moh
 - skardhøgd 148,5 m

Bickerton Hill er to låge åsar av raud sandstein frå sørenden av Mid Cheshire Ridge i Cheshire, nordvest i England. Det høgaste punktet Raw Head ligg på den nordlege åsen og har ei høgd på 227 meter over havet. Delar av den sørlege åsen vert òg kalla Larkton Hill.

Det er spor etter busetnadar på åsen frå yngre steinalder eller bronsealderen. Jordvollane frå eit åsfort frå jernalderen, Maiden Castle, ligg på den sørlege toppen og har status som Scheduled Monument. Det har vore dagbrot og gruver for kopar i åsane sidan 1600-talet og eit maskinrom står att frå gruveindustrien. Fleire grotter finst i sandsteinen og somme har vore busette.

Eit stort område av den sørlege åsen er verna som Site of Special Scientific Interest (SSSI) på grunn av biologien her. Mykje av åsen er eigd av National Trust. På platået på toppen er ei stor lyngslette, som er sjeldan i Cheshire.

[endre] Kjelder

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bickerton Hill
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk