Biebrza
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Biebrza | ||
|
|
||
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 155 km | |
| Nedslagsfelt | 7057 km² | |
Biebrza (kviterussisk Bobra) er ei elv nordaust i Polen og ei av sideelvane til Narew (nær Wizna). Ho har ei lengd på 155 km og er den 28. lengste i Polen. Ho har eit nedslagsfelt på 7057 km².
Biebrza in Burzyn
Dei største byane i nedslagsfeltet er:
I dag er elva mest kjend for eit yrande dyreliv i torvmyrane. Historisk låg elva i grenselandet mellom Masovia og Litauen og området har halde på mykje av det kulturelle mangfaldet i dag.
Dei fleste innbyggjarane i området talar standard polsk, men enkelte i den øvre delen av elva snakkar ein lokal dialekt av kviterussisk (av dei sjølv kalla prosty jazyk - «det enkle språket»). Folk her høyrer til den ortodokse eller romersk-katolske kyrkja.
Bakgrunnsstoff[endre]
- Fuglar i Biebrza nasjonalpark
- Topografiske kart
- Radzilow - By ved Biebrza
Denne geografiartikkelen som har med Polen å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.