Biel/Bienne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Biel/Bienne
Gamlebyen i Biel
Gamlebyen i Biel
Kommunevåpenet til Biel/Bienne
Kommunevåpenet til Biel/Bienne


Plassering
Biel/Bienne is located in
Styresmakter
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton kantonen Bern
Distrikt Biel/Bienne
Språk tysk, fransk
Borgarmeister Erich Fehr
Geografi
Flatevidd
 - kommune

21,20 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

51 203
  2 415,2 /km²
Koordinatar 47°08′0″N 7°15′0″EKoordinatar: 47°08′0″N 7°15′0″E
Høgd over havet 434 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 2500-2510
Nettstad: www.biel-bienne.ch

Biel/Bienne er ein by og ein kommune i distriktet Biel/Bienne i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 51 203 innbyggjarar (2010) og eit areal på 21 km². Kommunesenteret ligg 434 meter over havet.

Han ligg ved språkgrensa og er tospråkleg. Biel er det tyske namnet på byen, medan Bienne er det franske. Han er den største tospråklege byen i Sveits, og den nest største byen i kantonen Bern. Sidan 1. januar 2005 har det offisielle namnet på byen vore «Biel/Bienne».

Byen Biel/Bienne ved Bielsjøen

Byen ligg ved foten av den første fjellrekkja i Jurafjella ved nordaustbreidda av Bielsjøen. Nabobyen Nidau ligg på austsida av innsjøen. Neuchâtel, Solothurn, og Bern ligg vest, aust og søraust for Biel/Bienne. Dei er alle om lag 30 minuttar unna med anten tog eller bil.

Byen er særleg kjend for urindustrien med selskap som Omega og Certina, elles maskinindustri og ein del turisttrafikk.

Byen har ei kyrkje i gotisk stil frå 1451. Rådhuset er frå 1534.

Byen er godt kjent i sjakkverda for Biel internasjonale sjakkfestival, ei årleg turnering. Magnus Carlsen vann turneringa i både 2007 og 2011.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Biel/Bienne