Biferno
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biferno er ei elv i Molise sør i Italia. Ho har sitt utspring i kommunen Bojano og dei første par kilometrane mottar ho mange småelvar frå Matese-fjella. Ho renn gjennom fleire kommunar i provinsen Campobasso, og dannar Guardialfierasjøen før ho til slutt munnar ut i Adriahavet.
I antikken vart ho kalla Tifernus.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Biferno frå Engelsk Wikipedia .