Big Generator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Big Generator
Studioalbum av Yes
Utgjeve 28. september 1987
Innspelt Lark Studios, Carimate (Italia), Sarm & AIR London (UK), Southcombe, Westlake Audio & Sunset Sound, L.A. (US), seint 1985–tidleg 1987
Sjanger Poprock, progressiv rock
Lengd 43:38
Selskap Atco
Produsent Yes, Trevor Horn, Trevor Rabin, Paul De Villiers
Kritikk
Yes-kronologi
90125
(1983)
Big Generator Union
(1991)

Big Generator er det tolvte studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i september 1987. Bandet fortset med dette albumet dreiinga si mot meir konvensjonell rock og pop, noko som etterkvart skapte splid innover i bandet. Vokalisten Jon Anderson ynskjet eit sterkare fokus på progressiv rock, og valde å forlate Yes etter Big Generator-turneen.

Albumet kom på 15. plass på Billboard 200 i USA, og på 17. plass på UK Albums Chart i Storbritannia.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bandet brukte over to år på å ferdigstille albumet, noko som skulda musikalske usemjer mellom Trevor Rabin, som ynskte meir kommersiell pop lik han på albumet 90125, medan Jon Anderson ville at bandet skulle vende tilbake til musikken dei vart kjent for på 1970-talet. Resultatet vart eit både kritikarmessig og salsmessig suksessfullt album, men utan verken noko episk verk av det gamle slaget, eller nokre kjempehitt som «Owner of a Lonely Heart».

I sin søken etter den gamle Yes-stilen, slutta Anderson i bandet etter den påfølgjande turneen. Litt seinare fekk han med seg dei tidlegare Yes-kollegaene Steve Howe, Bill Bruford og Rick Wakeman og starta eit nytt band. Dei fekk ikkje lov å kalle seg Yes, sjølv om det strengt teke ikkje fanst noko Yes i 1988, så dei kalla seg ganske enkelt for Anderson Bruford Wakeman Howe.

Seinare slo dei to greinene av Yes seg saman med albumet Union.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Rhythm of Love»   Kaye/Rabin/Anderson/Squire 4:47
2. «Big Generator»   Rabin/Kaye/Anderson/Squire/White 4:33
3. «Shoot High, Aim Low»   White/Kaye/Rabin/Anderson/Squire 7:01
4. «Almost Like Love»   Kaye/Rabin/Anderson/Squire 4:58
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
5. «Love Will Find a Way»   Rabin 4:50
6. «Final Eyes»   Rabin/Kaye/Anderson/Squire 6:25
7. «I'm Running»   Rabin/Squire/Anderson/Kaye/White 7:37
8. «Holy Lamb (Song for Harmonic Convergence)»   Anderson 3:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Jimmy «Z» Zavala – munnspel, messingblåseinstrument
  • Trevor Horn – messingblåseinstrument
  • Greg Smith – messingblåseinstrument
  • Nick Lane – messingblåseinstrument
  • Lee Thornburg – messingblåseinstrument
  • Greg «Frosty» Smith – messingblåseinstrument

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ruhlmann, William. Big Generator - YesAllmusic. Henta 17. juli 2012.
  2. UK Albums Chart: Yes – Big Generator