Biga Çayı

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Biga Çayı
elv
Biga Çayı
Land  Tyrkia
Lengd 80 km
Kjelde Kaz Dağı
Munning Marmarahavet
 - koordinatar 40°23′0″N 27°18′0″E / 40.38333°N 27.30000°E / 40.38333; 27.30000
Kart
Biga Çayı
40°23′00″N 27°18′00″E / 40.383333333333°N 27.3°E / 40.383333333333; 27.3
Wikimedia Commons: Biga Çayı

Biga Çayı er ei lita elv i provinsen Çanakkale nordvest i Tyrkia. Elva spring ut ved foten av Ida og renn hovudsakleg nordaustover mot Marmarahavet. Ho ligg om lag 50 km aust for Dardanellane. Ho renn forbi byane Çan og Biga og munnar ut i Marmarahavet ved Karabiga. Ho vert òg kalla berre Can (Çan Çayı)[1] and the Kocabas (Kocabaş Çayı)

Biga var i antikken Granikós.

Breidda nær den moderne byen Biga var åstad for slaget ved Granikos, utkjempa i 334 fvt. mellom den makedonske armeen til Aleksander den store og styrkane til Det persiske riket under Darius III. Dette var den første første sigeren til Aleksander over persarane. I antikken vart elva skildra som ei kraftig, turbulent elv med bratte breidder og varierande djupne.

Det er òg ein dal på Mars som er kalla opp etter elva, Granicus Valles, som ligg ved 29,72° N, 131,0° E og som er 750 km lang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Republic of Tyrkia 2002"[daud lenkje] NW quadrant, CIA Map Number 802565, July 2002, U.S. Central Intelligence Agency

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]