Bihorfjella

Koordinatar: 46°27′N 22°41′E / 46.450°N 22.683°E / 46.450; 22.683
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landskap i Bihorfjella

Bihorfjella (rumensk Munţii Bihorului) er ei fjellkjede i Romania, i Dei rumenske Vest-Karpatane. Massivet har ei lengd på 25 km frå nordvest til søraust og ei breidde på 14 km.

Den høgaste toppen er Curcubăta Mare med ei høgd på 1849 meter over havet, og er det høgaste fjellet i Dei vestlege Karpatane. Andre høge toppar er Buteasa (1790 moh), Cârligatele (1694 moh) og Piatra Grăitoare (1658 moh).

Vlădeasa ere i vulkansk forlenging av Bihorfjella i nord og når ei høgd på opp til 1836 meter over havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

46°27′N 22°41′E / 46.450°N 22.683°E / 46.450; 22.683