Bijeljina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bijeljina
Styresmakter
Land
Republikk
Bosnia-Hercegovina
Republika Srpska
Geografi
Flatevidd
 - By

734 km²
Innbyggjarar
 - By (est.)

125 000-150 000
Koordinatar 44°45′″N 19°13′″EKoordinatar: 44°45′″N 19°13′″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer +387 55
Heimeside: www.opstinabijeljina.com
Plassering
Bijeljina i Bosnia-Hercegovina, vist med skarp raudfarge.
Bijeljina i Bosnia-Hercegovina, vist med skarp raudfarge.

Bijeljina (kyrillisk: Бијељина) er ein by og kommune i nordaustlege delar av Republika Srpska i Bosnia-Hercegovina. Byen ligg på den flate og grøderike sletta Semberija, og berre 6 km frå grensa til Serbia.

Byen vart første gong nemnd i dokument etter presten Dukljanin, der han nevnar at grev Bele-Pavlimir vann over ungararar i «dalen Belina». Bijeljina vert òg nemnd 3. mars 1446, då ein handelsmann frå Dubrovnik vart røva her.

Bijeljina har i dei siste 500 åra skifta ut heile folkesetnanden. Første gong var då tyrkarane kom i 1520 og andre gong då austerrikarane kom i 1716.

Den eldste bygningen i byen stammar frå tida omkring 1548, og er eit serbisk kloster kalla Tavna.

Serbarane frå dette området støtta oppstanden leia av Karadjordjević, men dei mislykkast, og dei lei store nederlag i forsøk på å frigje fanga serbarar frå tyrkarane i tida 1875-1878.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]