Bijsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bijsk
Бийск
Byåpenet til Bijsk
Byvåpenet til Bijsk


Plassering
Bijsk is located in Russland
Bijsk is located in Altaj kraj
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Altaj kraj
Grunnlagd
Bystatus
1709
1782
Borgarmeister Anatolij Mossijevski
Geografi
Flatevidd
 - By

292 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

223 000
  763,7 /km²
Koordinatar 52°31′0″N 85°10′0″EKoordinatar: 52°31′0″N 85°10′0″E
Høgd over havet 180 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
OMST (UTC+6)
OMSST (UTC+7)
Diverse annan informasjon
Postnummer 659300–659336
Retningsnummer (tlf) (+7)3854
Nettstad: www.gorod.biysk.ru

Bijsk (russisk Бийск) er den nest største byen i Altaj kraj i Russland (etter Barnaul). Han ligg ved elva Bija, rundt 130 km søraust for Barnaul. I 2007 hadde han om lag 225 000 innbyggjarar.

Byen vart grunnlagt i 1709 som ei festning etter ordre frå Peter den store, men etter mindre enn eitt år vart han brent av ei nomadisk stamme og så gjenoppbygd i 1718. Bijsk mista gradvis rolla si som militærbase, men vart eit viktig handelssenter og fekk byrettar i 1782.

Industrien i byen voks raskt, særskild etter at fabrikkar vart evakuert frå vestlege område av Sovjetunionen under den andre verdskrigen. Seinare vart han eit senter for våpenutvikling og produksjon og er framleis eit viktig industrisenter.

Bijsk har ein jernbanestasjon, ei elvehamn ved Bija og Bijsk lufthamn som ligg 12 km søraust for sentrum av byen. Hovudvegen Novosibirsk-Bijsk-Tasjanta (Tsjujskijveien) går gjennom byen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]