Biko av Peter Gabriel
| Biko Singel av Peter Gabriel frå albumet Peter Gabriel |
||
| B-side | «Shosholoza»; Jetzt Kommt Die Flut (Here comes the Flood, på tysk), berre 12" | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 1980 | |
| Sjanger | Kunstrock Eksperimentell rock Verdsmusikk |
|
| Lengd | 7:22 | |
| Selskap | Charisma Records | |
| Låtskrivar(ar) | Peter Gabriel | |
| Produsent | Steve Lillywhite | |
| Peter Gabriel-kronologi | ||
| «No Self Control» (1980) |
Biko | «Shock the Monkey» (1982) |
«Biko» er ein protestsong av den engelske musikaren Peter Gabriel frå 1980. Songen er med på det tredje albumet hans, Peter Gabriel (1980) og handlar om Steve Biko, ein kjend svart sørafrikansk anti-apartheid-aktivist.
Biko vart arrestert av sørafrikansk politi seint i august 1977. Etter å ha vorte halde i varetekt i fleeire dagar vart han forhøyrt i rom 619 i Walmer Street fengsel i Port Elizabeth i Eastern Cape.[1] Etter forhøyret, der han hadde fått store hovudskadar, vart Biko overført til eit fengsel i Pretoria, der han kort tid etter døydde, den 12. september 1977.
Gabriel spelar ofte songen på slutten av konsertane sine og oppfordrar publikum til å synge med han, og til slutt er berre trommeslagaren att på scenen. På albumversjonen av songen kan ein høyre den sørafrikanske songen «Senzeni Na?» i kvar ende av songen. Denne vart sungen i gravferda til Biko.[2]
«Biko» vart først gjeven ut som singel i 1980 og nådde då 38. plass på singellista i Storbritannia. Ein konsertversjon, spelt inn i juli 1987 i Blossom Music Center i Cuyahoga Falls i USA, kom ut seinare det året og nådde 49. plassen i Storbritannia. Ein nyinnspelt versjon av songen (igjen av Gabriel) vart nytta til å marknadsføre den biografiske filmen til Richard Attenborough, Cry Freedom om Biko og musikkvideoen (som hovudsakleg bestod av klipp frå filmen) vart mykje spelt på MTV.
«Biko» vart òg spelt i «Evan», den nest siste episoden i første sesongen av den amerikanske fjernsynsserien Miami Vice.
Ei linje frå teksten er «Yehla Moya» som på språket xhosa tyder «kom and».
Andre versjonar [endre]
Robert Wyatt gav ut ein versjon av songen i 1984 på EPen hans «Work In Progress»[3]. Simple Minds spelte inn ein versjon i 1989 for albumet Street Fighting Years. Han vart òg spelt av Black 47 og Joan Baez på albumet hennar Recently i 1987 og av Manu Dibango i 1994 på albumet Wakafrika. Steve Van Zandt sa at han vart inspirert av songen til å skrive sin anti-apartheid protestsong «Sun City» i 1985, framført av Artists United Against Apartheid. Organisasjonen Playing for Change spelte inn songen for albumet deira Songs Around the World. TV on the Radio har òp spelt inn songen. I februar 2010 spelte Paul Simon songen i lag med Peter Gabriel på prosjektet Scratch My Back / I'll Scratch Yours I 1988 skreiv den tyske musikaren Wolfgang Niedecken frå rockebandet BAP tysk tekst til songen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Biko (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Steven Bantu Biko - A Sequence of events whilst in detention - 18. august to 12 September 1977
- ↑ Drewett, Michael (February 2007). «The Eyes of the World Are Watching Now: The Political Effectiveness of ‘Biko’ by Peter Gabriel». Popular Music and Society 30 (1): 39–51. doi:10.1080/03007760500504929.
- ↑ Robert Wyatt - Solo