Bikolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bikolibri

Status i verda: NT Nær truga

Calypte helenae ampliado.jpg

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Apodiformes
Familie: Trochilidae
Slekt: Mellisuga
Art: M. helenae
Vitskapleg namn
Mellisuga helenae
Lembeye, 1850
Bikolibri
Namn på andre språk
Svensk Bikolibri
Dansk Bikolibri
Engelsk Bee Hummingbird
Tysk Bienenelfe, Kubaelfe, Hummelkolibri, Elfenkolibri
Fransk Colibri d'Elena
Spansk Zunzuncito, colibrí zunzuncito, pájaro mosca, elfo de las abejas
Russisk Kolibri-ptsjolka (Колибри-пчёлка)

Bikolibri (Mellisuga helenae) er den minste av alle fuglar i verda, omtrent som ei stor bie i storleik. Han har ein medels masse på ca. 1,8 g og er ca. 5 cm lang. Denne kolibriarten er endemisk til Cuba, han finst òg på den cubanske øya Isla de la Juventud. På Cuba er han kjent som zunzuncito.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Hannen har strupe, panne og hovud i kraftig grøn farge, iriserande krage med forlenga fjør ned på begge sidene av strupen. Oversida er blåleg, resten av undersida er lys grå til kvit. Hoa er blågrøn med lyst i bryst og undersida. Dessutan har ho kvite flekker på enden av ytre halefjøra. Unge hannar liknar hoa, men manglar kvitt på halefjøra. I hekkedrakt har hannfuglar iaugefallande rosa til raud farge i panne, på hovud og i nakke, og er iriserande metallisk blå på rygg og venger. Som for andre kolibriar er dei iriserande fargene i fjøra ikkje alltid synlege. Effekten er avhengig av vinkelen mellom observatør, fugl og lyskjelde.

Lengda er ca. 5 centimeter frå nebbspiss til halespiss og gjennomsnittleg vekt er ca. 1,8 gram. Dette er også det minste varmblodige virveldyr. På grunn av storleiken kan bikolibriar lett forvekslast med bier. Frekvensen på vengeslaga er rundt 80 gongar i sekundet. Dette held fuglen stille i lufta framføre blomar som han beitar på. Det svarte nebbet er særs tynt, tunga er ekstremt tynn og relativt lang. Kroppstemperaturen er 40 °C, men om natta går han ned til 19 °C for å spare energi.

Desse fuglane er slanke med rett nebb utforma for å trengje djupt inn i blomar. Med tunga forma som eit langt røyr syg fuglen opp nektar - og no og då også insekt og edderkoppar - akkurat som om tunga var eit sugerøyr. I denne prosessen får fuglen blomsterpollen på nebb og hovud og spreier det til andre blomar. På denne måten spelar han ei vektig rolle i reproduksjon av planten. Bikolibrien konsumerer dagleg mat som svarar til halvparten kroppsvekta og drikk opptil 8 gongar si eiga vekt i vatn pr. dag.

Hoa av bikolibrien byggjer eit skålforma reir av bitar av spindelvev, bork og lav. Egga er mindre enn kaffibønner. Ho rugar aleine i 21 eller 22 dagar. Ungane har fått fjørdrakt etter 13 til 14 dagar og flyg ut av reiret ca. 18 dagar gamle.

Populasjonen minkar, sannsynlegvis på grunn av tap av habitat. Arten synest å vere avhengig av moden skog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]