Bilbao Abra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bilbao Abra[1] er ei bukt i Biscayabukta i Atlanterhavet, som ligg ved munningen til Bilbaoestuaret i Bizkaia i Spania. På kvar side av bukta ligg nesa Punta Galea i nord og Punta Lucero i sør. Den indre delen av bukta er lukka av hamna i Bilbao. Hamneområdet vert gradvis bygd utover på kvar side av bukta.

Breidda av bukta grensar til kommunane Santurtzi og Zierbena i sør og Getxo i nord.

Det finst tre strender langs bukta, alle i Getxo: Las Arenas, Ereaga og Arrigunaga.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. abra er spansk for ei lita bukt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]