Bilen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå bil.
Bilen
ብሊና
Klassifisering Afroasiatisk
 Kusjittisk
  Agaw
   Nordleg
Bruk
Bilentalande i alt 70 000
Språkkodar
ISO 639-2 byn
ISO 639-3 byn

Bilen, bilin eller blin (ብሊና, translitterert b(ə)lina eller bɨlina) er eit afroasiatisk språk som blir snakka i Eritrea. Det er det einaste sentralkusjittiske språket som blir snakka i landet. Bilen har ca. 70 000 talarar i og rundt den eritreiske byen Keren.

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Prosodien til bilin er ikkje godt utforska, men det ser ut til at det er eit trykktonespråk. Fokale stavingar har høgtone, men ikkje alle ord har fokal staving.[1]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Vokalfonem
  Fremre Midtre Bakre
Høg i ɨ u
Midtre e ə o
Låg a

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

/r/ er realisert som ein flapp stavingsmedialtmedial og som ein trillelyd stavingsfinalt.

Konsonantfonem
  Bilabial Labio-
dental
Alveolar Postalveolar
or palatal
Velar Faryn-
gal
Glottal
Vanlege labialisert
Plosiv /
Affrikat
voiceless t (tʃ) k (ʔ)
stemt b d ɡ ɡʷ
Ejektiv tʃʼ kʷʼ
Nasal m n ŋ ŋʷ
Frikativ ustemt f s ʃ x ħ h
stemt z ʕ
Rullelyd r
Approksimant sentral j w
lateral l

Skriftsystem[endre | endre wikiteksten]

Ge'ez abugida[endre | endre wikiteksten]

Bilen bruker ein variant av geez-abugidaen som vart utvikla av misjonarar på 1800-talet.


Bilen abugida
IPA e u i a ie ɨ/- o ʷe ʷi ʷa ʷie ʷɨ/-
h  
l  
ħ  
m  
s  
ʃ  
r  
ʁ
b  
t  
n  
ʔ  
k
x
w  
ʕ  
j  
d  
 
ɡ
ŋ
 
tʃʼ  
f  
z  
ʒ  
 
ɲ  
 
 
p  
v  
IPA e u i a ie ɨ/- o ʷe ʷi ʷa ʷie ʷɨ/-

Latinsk alfabet[endre | endre wikiteksten]

I 1985 bestemte Eritrean People's Liberation Front (EPLF) å bruke det latinske alabetet for bilen og alle andre ikkje-semittiske språk i Eritrea. I 1993 sette regjeringa ned ein komité for å standardisere komiteen til bilen[2].

Alfabetet er dette:

e, u, i, a, é, o, b, c, d, f, g, h, j, k, l, m, n, p, q, r, s, t, v, w, x, y, z, ñ, ñw, th, ch, sh, kh, kw, hw, qw, gw.

Bokstavane har vanlege IPA-verdiar, bortsett frå desse:


Bokstav Lydverdi
é ɨ
c ʕ
j
q
x ħ
y j
ñ ŋ
th
ch tʃʼ
sh ʃ
kh x

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fallon 2004
  2. Fallon, Blin Orthography [1]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteraturliste[endre | endre wikiteksten]

  • Palmer, F.R. (1958), «The noun in Bilin», Bulletin of the School of Oriental and African Studies (21:376-391) 
  • Leo Reinisch (1882), Die Bilin-Sprache in Nordost-Afrika, Wien: Carl Gerold's Sohn 
  • A.N. Tucker; M.A. Bryan (1966), Linguistic Analyses: The Non-Bantu Languages of North-Eastern Africa, London: Oxford University Press. 
  • Fallon, Paul (2001), «Some phonological processes in Bilin», Proceedings of the 27th annual meeting of the Berkeley Linguistics Society., Simpson 
  • Fallon, Paul (2004), «The best is not good enough», Proceedings: 4th World Congress of African Linguistics, Akinlabi & Adesola